nyhende

Dagfinn Bjørge, her avbilda i bil.
Dagfinn Bjørge, her avbilda i bil.

Hjortejakt med bil og lys

Om det brått dukkar opp kraftige lys seint på kvelden, har det truleg ei naturleg årsak. Vårteljinga av hjort startar opp 16. mars.

Publisert Sist oppdatert

Vårteljinga føregår frå bil, og det er i alt seks teljedatoar: 16., 23. og 30. mars, 13. og 20. april og den siste 4. mai.

Teljingane startar seint på kvelden, klokka 23.00, og pågår eit par timar utover natta.

— Me har ruter i omlag i heile kommunen.Det blir nytta kraftig lys under teljinga. Me opplyser om dette no slik at folk ikkje treng lura på kva som hender om ein ser lys utover jordbruksareala i kommunen ved desse tidspunkta, seier Dagfinn Bjørge, rådgjevar landbruk og viltansvarleg i Sveio kommune.

Teljinga skjer samstundes over heile Haugalandet. Å bruka bil er ein god måte å komma innpå dyra. Hjorten reagerer sjeldan på bildur, men opnar du døra og går ut, spring den. Det skal teljast bukk, hind, spissbukk og kalv. Ser ein rådyr eller elg skal dette også registrerast.

— Vårteljinga gjev oss ein peikepinn på bestanden av hjort og rådyr. Det tek me med oss i vurderinga av løyvetildeling av hjort og rådyr for jaktåret 2023, seier Bjørge.

Powered by Labrador CMS