nyhende

Solgry ungdoms- og misjonssenter satsar nå på cateringsverksemd for å halda drifta i gong. Frå venstre Hans Ole Strand (driftsleiar/vaktmeister), Rolf Einar Amdal (dagleg leiar) og Inger Skumsnes (kjøkkenansvarleg/reinhaldsleiar).
Solgry ungdoms- og misjonssenter satsar nå på cateringsverksemd for å halda drifta i gong. Frå venstre Hans Ole Strand (driftsleiar/vaktmeister), Rolf Einar Amdal (dagleg leiar) og Inger Skumsnes (kjøkkenansvarleg/reinhaldsleiar).

Hiv seg rundt i ei vanskeleg tid – startar med catering

Solgry ungdoms- og misjonssenter fekk koronakrisa rett i fleisen, men gir ikkje opp av den grunn. No satsar dei på cateringverksemd.

Publisert Sist oppdatert

Alle leirar er avlyst på ubestemt tid, og det går mot eit underskotsår på rundt 900 000 kroner. Likevel er det ingen slagen gjeng me møter på Solgry ungdoms- og misjonssenter. Snarare tvert om. Stikkordet er cateringverksemd.

Smørbrød og kaldtbord

– Me startar i første omgang med sal av smørbrød, snittar og tradisjonelt kaldtbord, så vil me sjå korleis interessa er og utvikla det derifrå, seier Inger Skumsnes. Ho har ti års fartstid frå storkjøkkenet på Solgry, og har har ei genuin interesse for alt som har med mat å gjera, særleg likar ho å laga til smørbrød.

Fått gode tilbakemeldingar

– Eg trur det ei bra tidspunkt å satsa på, og forhåpentleg eit tilbod som sveibuen ønskjer seg, seier Skumsnes. Ho har alt testa ut tilbodet aldri så lite, og fått positive tilbakemeldingar.

Skumsnes er ikkje åleine om drifta, med seg har ho kollegaene, Rolf Einar Amdal (dagleg leiar) og Hans Ole Strand (driftsleiar/vaktmeister).

– Me håpar at sveibuen vil støtta opp om tilbodet vårt, seier Skumsnes.

Powered by Labrador CMS