nyhende
Historisk semje i bussoppgjeret
Bussbransjen får ei auka timelønn på 11 kroner etter at det vart semje i lønnsforhandlingane. Det er første gong bransjen unngår mekling sidan 2007.
Lønnsauken per time består av eit generelt tillegg på sju kroner pluss eit normallønnstillegg på fire kroner, opplyser NHO transport i ei pressemelding fredag.
I lønnsoppgjeret i år blir sjåførane betre kompenserte for køyring om natta og ved «passiv tid». Ekspressbussjåførar får eit nytt tillegg for ukomfortabel arbeidstid.
Resultatet av tarifforhandlingane legg til rette for ei god lønnsutvikling som er i tråd med ramma til frontfaget på 5,2 prosent, ifølgje NHO.
Yrkestrafikkforbundet, Fellesforbundet, Norsk Jernbaneforbund og Fagforbundet er partar på arbeidstakarsida. NHO Transport og Spekter representerer arbeidsgivarsida. Alle partane er fornøgd med å ha vorte samde.
– Vi har fått eit solid lønnsløft for alle medlemmer på avtalen. I tillegg har vi fått innfridd etter- og vidareutdanningskravet og dei viktigaste tekniske krava vi gjekk inn i forhandlingane med, seier forbundssekretær Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet.
Resultatet av forhandlingane skal til uravstemming hos arbeidstakarane med frist 15. mai.