nyhende

Sjå topp-5-lista:

Åshild Haugsgjerd og Torbjørn Larsen var to av brannmannskapa som hoppa ned i skiten for å redde sauene.FOTO: HAUGALAND BRANN OG REDNING IKS
Åshild Haugsgjerd og Torbjørn Larsen var to av brannmannskapa som hoppa ned i skiten for å redde sauene.

Historia om redningsdåden i gjødselkjellaren vart den mest leste saka i april

Historia om redningsdåden kor brannvesenet berga minst 69 dyreliv i ein gjødselkjellar, vart den mest leste saka på Vestavind i april.

Publisert Sist oppdatert

Stadig fleire av Vestavind sin abonnentar er no daglege lesarar av nettavisa.

I april månad var det særleg ei sak som skilte seg ut når det kom til interesse frå våre digitale lesarar.

Åshild Haugsgjerd og Torbjørn Larsen var to av brannmannskapa som hoppa ned i skiten for å redde sauene.

Det var den dramatiske historia om då brannmannskap frå Sveio rykka ut til ein gard i kommunen og bidrog til å redde minst 68 dyreliv. Kort tid etter at alarmen hadde gått, hoppa brannmannskap ned ein gjødselkom for å berge 17 sauer, alle med tre eller fire ufødde lam.

Helsetilbod, ny veg, hagetips og kollisjon

Blant dei andre på topp 5-lista for april finn vi saka om at det er etablert eit nytt helsetilbod i Sveio. Så ei sak om fire felts motorveg gjennom Sveio som no er under planlegging, Rex Garden-gartnaren sine beste tips og den dramatiske videoen som viser ein kollisjon på fylkesveg 47 sør i Sveio.

Her er sakene flest klikka seg inn på i april:

  1. Berga truleg 68 dyreliv
  2. Nytt tilbod skal gi færre helseplagar
  3. No kan du gi dine innspel til ny motorveg
  4. Rex Garden-gartnaren delar sine beste triks
  5. Sjå video: — Han køyrer jo berre vidare
Powered by Labrador CMS