nyhende

Heva 14 tonn med boss frå havbotn i Sveio

I løpet av 2023 har Njord Dykkerklubb henta opp 30 tonn med boss frå havbotn i samarbeid med andre. 14 av tonna låg under vatn i Sveio. Julaftan heva dei ein heil båt.

Publisert Sist oppdatert

Det finst mange ulike julatradisjonar. Nokon set ut graut til nissen, andre er meir aktive og tek seg eit kaldt bad. Lars Einar Hollund og Njord Dykkerklubb tok badinga eit steg vidare og slo samstundes eit slag for naturen på julaftan.

Gamalt vrak

– Me heva båten me fann då. Men då den kom opp over vatn og skulle lastast over kanten på skipet, så gjekk den i bitar, seier Hollund.

Båten fann dei liggjande på havbotn ei stund tilbake, som del av deira ryddeaksjonar under overflata.

– Vraket fann me utanfor Lindøy, og det har truleg lege der lenge, seier Hollund.

I 2023 hadde Njord Dykkerklubb 17 slike aksjonar, fleire av dei i samarbeid med Karmøy Sportsdykkerklubb og Bømlo Sportsdykkere. Til saman er det snakk om 50 dykkarar som stiller frivillig.

– Alt er i regi av Clean Ocean, seier Hollund.

Ber om tips

Det er ein organisasjon som jobbar for å fjerna bosset som har vorte dumpa til sjøs. Og ifølgje Hollund er det framleis mykje å ta av.

– Folk veit rett og slett ikkje omfanget av kor mykje søppel som ligg der nede, seier han.

På tidlegare aksjonar har Hollund funne motorar, stolar og fleire titals bildekk frå mange ulike tiår. Han oppmodar folk om å seie ifrå om dei veit om nokon stadar det ligg boss på botn.

– I 2024 vil me fortsetja med denne viktige jobben, og me tar gjerne i mot tips frå sveibuar som kjenner til stadar med avfall, seier han.

Powered by Labrador CMS