nyhende

Ungane fekk stella både hest og esel. Hugo Rossehaug kan skimtast, og i bakgrunnen står Astrid Karin og Hans Ole Strand.
Ungane fekk stella både hest og esel. Hugo Rossehaug kan skimtast, og i bakgrunnen står Astrid Karin og Hans Ole Strand.

Hesteglede på Supertirsdag

Publisert Sist oppdatert
Marlene Helgeland Tverfjell rir på fjordingen, Astrid Karin Strand leier.

Supertirsdag på Filadelfia i Auklandshamn fekk ein pangstart forrige tysdag. Då stilte Astrid Karin og Hans Ole Strand frå Lier opp med to hestar og eitt esel. Alle barna fekk prøva både både riding og kjøring med vogn – i sistnemnde tilfelle med Hans Ole som kusk. Dette var noko både små og store, jenter og gutar, syntest var veldig moro. Og litt skummelt, i førstninga.

Supertirsdag er eit tilbod annakvar veke til born frå tre år og oppover til tredje klasse – fordelt på fleire grupper. Vanlege aktivitetstilbod er for eksempel hobby og leik og trening I gymnastikksalen på Auklandshamn skule. Kvar Supertirsdag blir avslutta med boller og saft. Denne dagen blei bollene serverte ute. Og dei firbeinte gjestene frå Lier sikra seg også nokre smakebitar.

Einar Vestvik

Det var stas å få sitja i vogna også.
Powered by Labrador CMS