nyhende

Jonas Alexius Skalin spritar hendene. — Me har stort fokus på hygiene, seier han.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Jonas Alexius Skalin spritar hendene. — Me har stort fokus på hygiene, seier han.

Her vil dei ha fleire menn

Programmet Menn i Helse ynskjer å få fleire menn til omsorgsyrke. Jonas Alexius Skalin frå Vikse er ein av dei som har blitt rekruttert.

Publisert Sist oppdatert

Menn i helse

Slik fungerer det:
• Det haldast informasjonsmøte i januar og februar, oppstart er 27. mars.
• Ein melder seg på via ein rettleiar i NAV.
• Interesserte vert kalla inn til intervju, og dei som går vidare får praksisplass som helserekrutt.
• Dei best eigna helserekruttane vert tilbydt sommarjobb og vidare utdanning.
• Etter obligatorisk utdanning og læretid, vert det teken ein fagprøve.
• Viss ein består har ein vorte helsefagarbeidar.
• Programmet Menn i Helse vart oppretta i 2010.
• Over 800 har teke fagbrev gjennom programmet.

Kjelde: mennihelse.no

— Det er som å kome til ein plass der ein alltid har vore etterlengta, seier Jonas Alexius Skalin.

37-åringen kjem opphaveleg frå Umeå i Sverige, og flytta til Sveio frå Haugesund i januar 2022. Han er glad for å kunne dele historia si, om korleis han vart det som kallast ein helserekrutt.

Eit teikn på å byte

Han hadde høyrt om Menn i helse tidlegare, og hadde vore interessert. Då ein skade i menisken gjorde at han vart sjukemeldt frå jobben på eit lager, gjekk det eit lys opp for han.

— Eg tok det som eit teikn på at eg skulle byte bransje, seier Skalin.

Han byrja som helserekrutt sommaren 2022. Sidan har han veksla mellom skule og praksis ved omsorgssenteret i Sveio, to veker anna kvar stad. Det synest han gjev ein effektiv opplæring.

— Viss du tenker skule og tar helsefagyrket, då har du først skule og så praksis, seier Skalin.

Jonas Alexius Skalin står føre omsorgssenteret der han er helserekrutt.

Sjølv er han ferdig med skulen til sommaren. Då kan han byrja å jobbe som lærling, noko som han gler seg til.

— Det er heilt nydeleg å vere på ein slik plass, seier Skalin.

Raud tråd i god helse

På omsorgssenteret jobbar han på avdelinga med pasientar som mellom anna er råka av demenssjukdom og Parkinsons sjukdom. Der kan han sjå at Menn i helse-programmet har eit poeng.

— Har du mannlege kollegaer?

— Eg har ein mannleg kollega, som også er min rettleiar. Me er to menn på to avdelingar, seier Skalin.

Kvardagen i omsorgsyrket byr på forskjellege oppgåver, samstundes som han meiner det er ein klar, raud tråd i arbeidskvardagen.

— Folk som lurar på korleis yrket er, trur det mogelegvis berre er å følgje nokon hit eller dit, men det meste av tida handlar om å gje folk ein fullverdig kvardag, seier han.

Sjølv om det er i endring, er det framleis ein stor ubalanse mellom kjønna i helsesektoren. Åtte av ti tilsette er kvinner. Skalin peiker på at nokre førestillingar kan henge att frå gamalt av, og er tydeleg på det ikkje er slik.

— For menn er det gjerne litt tabu, og at ein berre hjelper folk å gå på do. Men, god helse er ikkje berre fråvær frå sjukdom. Det er at heile deg vert godt teken vare på, seier han.

Forutan sjølve omsorga, er det også ein del tekniske oppgåver.

— Me sjekkar til dømes blodverdiar, oksygenmetting og helsetilstanden deira, seier Skalin.

Motivasjonen hans er mellom anna kva jobben gjer for andre. Det er fint å kunne gje noko tilbake, fortel han.

— Det kjennast godt å ta vare på andre og gje dei ein verdig kvardag, seier Skalin.

I eit lengre perspektiv ynskjer han vidare utdanning, slik at han kan jobbe med ungdomar som har det vanskeleg, eller dei med rusproblem.

— Eg har sjølv hatt utfordringar i ungdomen. Eg veit kor vanskeleg det kan vere å snu noko vondt til noko godt, seier Skalin.

— Ingen har angra

Han klarte å gjere ei endring. Det gjer at han forstår kor mykje det å hjelpe andre kan bety, uansett kva bakgrunn eller om dei er ung eller gamal. Slik erfaring gjev ein perspektiv på livet.

— Eg er takksam for kvar einaste dag og alt eg har i livet, seier Skalin.

Saman med sin sambuar og fem barn trivst han godt på Vikse, som han meiner er ein flott stad å bu. 2022 var eit år med ny bustad og nytt yrke. Skalin håpar han kan vere til inspirasjon for andre karar, som vurderer å gjere eit sprang.

— Anbefaler du helsesektoren til andre menn?

— Definitivt! Eg har ikkje møtt nokon i Menn i helse eller frå tidlegare kull som angrar. Heller motsett, frå dei som ikkje torde å hive seg på, seier han.

Powered by Labrador CMS