nyhende

Her stoppar dei lastebilen grunna høg fart

Utrykkingspolitiet heldt kontroll i Førde torsdag, og fleire titals vart stoppa av forskjellige årsaker.

Publisert Sist oppdatert

På kjend plass stod Utrykkingspolitiet i Førde og heldt kontroll. Torsdag føremiddag byrja dei klokka 11, og berre etter nokre minutt måtte dei vinka inn ein lastebil.

– Den vart stoppa grunna høg fart, seier betjent Idar Helland ved Utrykkingspolitiet sin patrulje på Stord.

Torsdagens kontroll var ikkje ein av de lengste kontrollane, men resulterte likevel i at mange måtte vinkast inn.

– Det var 22 reaksjonar på fart, kor 21 vart forenkla førelegg og ein som ikkje ville vedteke førelegget. Den sjåføren vart meldt, seier Helland.

Men det var ikkje alle som Utrykkingspolitiet måtte stansa, for fleire sjåførar hadde merksemda andre stader enn vegen.

– Seks reaksjonar kom også grunna mobilbruk av sjåførar medan dei køyrde, seier Helland.

Høgaste fart målt var 80 i 60-sona.

Powered by Labrador CMS