nyhende

Her stemmer ordføraren

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) hadde med seg sonen då ho var og stemte på Vikse valkrins. – Eg har trua, seier Erve om valet.

Publisert Sist oppdatert

Før ordførar Linn Therese Erve (Ap) kom for å stemma i hennar valkrins måtte ho ta ein liten omveg.

– Eg gjekk først oppom skulen i friminuttet for å henta sonen min Gaute, seier Erve.

Han fekk vera med ordførar, og mamma, inn i val-avlukket.

– Det er demokratisk opplæring, humrar Erve.

Ho fortel at det er ein tradisjon med barna at dei er med for å stemma. Etter stemma har gått ned i boksen så spring sonen tilbake.

– Korleis trur du det går i dag?

– Eg trur det går bra. Det viktigaste er at folk stemmer, svarar Erve.

– Kva skal du etterpå?

– Tilbake og tella førehandsstemmer. Og seinare på valvake på Vigdartun som eg skal ta med pizza til, seier ho.

Powered by Labrador CMS