nyhende

Camp Ålfjorden i stadig utvikling:

Nils og Nina Matre har store planar og ser fram til å utvikle Camp Ålfjorden på Fjon vidare.ALLE FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Nils og Nina Matre har store planar og ser fram til å utvikle Camp Ålfjorden på Fjon vidare.ALLE

Her skal gjestane finne kvilepuls

Dei lokkar med mellom anna glamping, fiske, trening og lokal mat. Målet til vertskapet Nils og Nina Matre på Camp Ålfjorden er at gjestane skal finne kvilepulsen – og bli verande meir enn ei natt i Sveio

Publisert Sist oppdatert

Midtsommarfestival, kiosk og nye bubilplassar. Den idylliske campingplassen på Fjon, inst i Ålfjorden, er i stadig utvikling. Heilt i tråd med draumane som ekteparet Nils og Nina Matre hadde då dei flytta til staden i 2011 og overtok ansvaret for drifta av campingplassen. Dei overtok campingdrifta etter far til Nils, og som far hans igjen etablerte tidleg på 1970-talet. Dei ville modernisere drifta og skape ei moderne reiselivsverksemd. Det har på ingen måte vore noko rett-fram-prosjekt for familien Matre.

— Vi var så naive og trudde at me skulle få til så mykje med éin gong, seier Nina. Ho har godt humør, og kan i dag le litt av reisa dei har hatt. Men legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å realisere draumen om å skape eit moderne reiselivskonsept med base i Fjon.

Motkrefter

For ting skulle vise seg å ta tid og krefter. Dei støtte på uventa og sterke motkrefter. Frå mangeårige gjester med stadbundne campingvogner, og som slett ikkje likte at dei nye drivarane ikkje lenger ville vere vertskap for caravanfolket, og som hyra advokatar i forsøk på å få bli verande. Til fiskeoppdrettnaboen Alsaker Fjordbruk, som ville kjøpe campingplassen for å erstatte idyllen med smoltoppdrett i store industribygg. Og som då ekteparet sa nei til laksemillionane, gjekk til kommunen for å få hand om tomta, i så fall gjennom ekspropriasjon.

Nyleg er denne tomta planert og gjort klar til å ta i mot inntil 20 bubilar.

Med berre éi røyst i skilnad, då spørsmålet om kven som skulle få lov å utvikle næringa si var oppe i kommunestyret, var det ekteparet som fekk lov til å gå vidare med sitt prosjekt. Nina fortel at det var ein innebygd rettferdssans som helt ekteparet oppe i stormane.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-7043', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.434300587259372, 59.52770216578469], // starting position [lng, lat] zoom: 12.141365444139385 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.443846987725038, 59.514301451379936]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

— Alle skal ha like mogelegheiter. Og campingplassen var noko me ville kjempe for. Plassen hadde vore i Nils sin familie lenge, og det var planane me hadde for utvikling som gjorde at me ville ta over. Ikkje at me skulle ha utsikt over taket til eit smoltoppdrett, seier ho. Det var då ho fekk tilbod om å ta sluttpakke i 2016 og forlate stillinga som petroleumsingeniør i Statoil i 2016, at ekteparet bestemte seg for å gå «all in» og realisere draumen om å modernisere campingplassen.

Kvilepuls Ho utdanna seg til personleg trenar og tok pedagogikk i tillegg. Gjennom selskapet ho stifta, Rørsle AS, tilbyr ho både PT-timar og gruppetimar. mar på campingplassen. Og Rørsle-Camp, som er heile helger med aktivitetar, der fokuset er både på trening og på å finne kvilepuls i dei flotte omgjevnadene, som inkluderer to holmar berre nokre få padletak ut frå brygga. Under pandemien gjekk dei også i gang med å tilby trening for eldre, med instruksjonar via internett.

Nils jobbar framleis fullt som automatikkar i Equinor, og til saman får dei inntekter nok til å kunne vidareutvikle reiselivsprosjektet sitt. For å halde driftsutgiftene nede, baserer dei seg på bestilling og betaling via nettet for overnattingsgjestane.

Natur og gjenbruk

Målet deira er å vidareutvikle eit reiselivskonsept basert på naturopplevingar, lokal mat og kultur, og der turistane kjem for å bli, ikkje berre éi, men fleire netter i regionen. Og eit konsept som på sikt kan gi fleire arbeidsplassar. I år kan dei tilby 20 bubilplassar, 10 teltplassar og tre glampingtelt. Eit såkalla spikartelt står att som eit minne om «gamle dagar». Det er bygt om og blitt ei flott «glampinghytte». Då Vestavind var innom jobba dei med å sette opp ein levegg og ein blomsterkasse ved hytta. Begge delar baserte på gjenbruk av gammalt trevirke.

— Gjenbruk er noko me er opptatte av, seier Nina og peikar på eit kajakkstativ og eit utekjøken, som i stor grad er bygt opp av gamle plankebitar.

Dei siste åra har dei også rusta opp servicebygget. Der har dei investert i nye toalett og dusjar. I eit anna rom kan dei ta imot grupper som ønskjer å ha møte eller som nyttar dei andre tilboda på staden som teambuilding. Då Vestavind var innom, venta dei bygdekvinnelaget på besøk same ettermiddag. Der skulle dei både ha møte og litt trening på tampen. Servering skulle dei også få, og det er også nytt på staden frå i år. Maten blir levert av Catering Spesialisten, selskapet som er etablert av den Sveio-busette dansken Peter Engdahl Jepsen. Det er same selskap som nyleg utvida verksemda si ved å ta over restauranten Kaien i Førde.

At det vart ein lokal samarbeidspartner for Camp Ålfjorden er ikkje tilfeldig. For Nina, som også er leiar i det nyleg re-lanserte Sveio Næringsforum, brenn for å få til lokalt samarbeid, for å styrke lokalt næringsliv.

— Me må både heie på, og kjøpe tenester av, kvarandre, meiner ho.

I fjor sommar arrangerte dei midtsommarfestival for første gong, med bodar med sal av lokale produkt frå Sunnhordland. Det skal dei gjenta 25. juni i år. I pinsa i år opnar dei kiosk for første gong.

— Då kjem mellom anna The Strand med hamburgarane sine, fortel Nina. Kiosken vil dei ha open med jamne mellomrom, også der vil det vere lokale produkt å få kjøpe, til dømes brus frå produsenten Vaagavatn på Stord.

— Kva er elles planane framover?

—Å bygge ut endå meir og få etablert oss skikkeleg, fortel dei. Hengekøyepark skal dei få på plass i år. Tretopphytter, med utsikt over fjorden er også noko av det som står på ønskjelista til det ivrige vertskapet på Fjon

Flott utsikt frå glampinghytta, eit ombygd spikartelt.
Det er god plass i glampingtelta på Fjon.
Frå innsida av glampinghytta.
Nils Matre snekrar le-vegg og blomsterkasse av gammalt trevirke.
Powered by Labrador CMS