nyhende

Utrykkingspolitiet kontrollerte trafikken på E39 på Haukås torsdag.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Utrykkingspolitiet kontrollerte trafikken på E39 på Haukås torsdag.

Her rann pengane inn i statskassa

Utrykkingspolitiet er ofte å sjå på E39 i Sveio, utan at det ser ut til å skremma trafikantane frå å trø fort hardt på gasspedalen.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld sikta dei uniformskledde laseren sin inn på køyretøya som kom på europavegen mellom klokka 18 og 21.30. Og i løpet av dei tre og ein halv timane var det heile 23 sjåførar som fekk kjenne på dei nye og auka gebyrtakstane for å køyre for fort.

Den kjappaste var ein sjåfør som fant det passande å halde 80 kilometer i timen i 60-sona på staden, noko som kvalifiserer til ei bot på 7.800 kroner, i tillegg blir førarkortet «pynt» med tre prikkar.

Det er Sør-Vest politidistrikt som melder om UP-fangsten i Sveio på Twitter.

Powered by Labrador CMS