nyhende

Så langt i år har Helse Fonna gått 135 millionar i underskot.

Her må du framleis bruke munnbind

Helse Fonna gjer det no lettare for dei som vil besøke pasientar. Men besøkjande må framleis bruke munnbind.

Publisert Sist oppdatert

– Frå og med i dag lettar vi på besøksrestriksjonane vi har hatt i over tre månader, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen i ei pressemelding.

Det betyr at det er slutt på kva type pasientar som kan få besøk, det er ikkje lenger reglar om at det berre kan komme éin person på besøk, og besøkstida blir ikkje lenger avgrensa til maks ein halvtime eller time. Men Helse Fonna vil ikkje sleppe alt heilt laus. Iallfall ikkje enda.

– Det er framleis krav om at pårørande som kjem på besøk brukar munnbind, og har god handhygiene, understrekar Klausen.

Helse Fonna ber også folk om å halde seg til visittida, som er mellom klokka 17 og 18.30. Og er du smitta av covid-19 bør du ikkje komme på besøk.

– Men her kan gjerast unnatak, dersom det er besøk til  alvorleg sjuke eller til fødande. Men då ber vi om at ein tek kontakt med den aktuelle avdelinga på førehand og avtalar, seier Klausen.

Powered by Labrador CMS