Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Her legg dei ekte påskeegg
Jan Holger og Gyda Hamre sine høner tar ikkje påskeferie. I løpet av påskedagane legg dei 5.000 egg. — Påske og jul sel me meir egg enn vanleg, seier Jan Holger.
Sveio Egg i Lindøyvegen er ein av to produsentar i Sveio, og den minste. Når Vestavind kjem på besøk, er det fulle korger med nylagte egg på pakkerommet. Jan Holger Hamre skal i gang med å stempla kartongane som skal ut til butikkane før han pakkar egg i dei.
Men først må gjesten få plastsokkar på støvlane. Pakkerommet er første del av smittesona, og det er ikkje lov å gå inn dit utan løyve og med eigne sko dekka.
— Dei som kjøper egg frå kjøleskapet treng ikkje gjera dette, men frå pakkerommet og innover er me strenge, seier Hamre.
365.000 egg i året
Korg på korg med nylagte egg står klare for å bli lagt i kartongar og på brett. Hønene legg eit egg kvar dag. Det blir 365.000 egg i løpet av året.
— Salet varierer litt frå dag til dag. Ein dag blir alle brett i kjøleskapet selde. Andre dagar går det berre tre-fire brett. Men direktesalet her er ikkje der me har størst omsetnad. Me køyrer faste ruter i søre Sveio, Bleikemyr i Haugesund og på søre Bømlo. Der leverer me til både privatpersoner, butikk, bensinstasjon, catering og kafé. Me er også med i REKO-ringen.
— Merkar dykk at det nærmar seg påske?
— Til påske og jul sel me meir egg enn vanleg. Me kan ikkje auka produksjonen. Hønene legg eit egg om dagen uansett tid på året. Men me prøver å bygga opp eit lite lager før høgtidene, for det verste me veit er å ikkje ha nok egg til kundane, seier Hamre.
Frittgåande høner sidan 2011
Sjølv om 365.000 egg høyres mykje ut, er eggproduksjonen til Sveio Egg for småskala å rekna.
— Me har drive med egg i over 25 år, og det er ei grei biinntekt til hovuddrifta som er mjølkeproduksjon. Der har me og ein annan bonde samdrift i robotfjøs på Nordskog, og til saman har me ein mjølkekvote på 460 tonn.
Men tilbake til dei som legg ekte påskeegg. Fjøset har tidlegare både husa kyr og gris. For fire år sidan blei det bygd om til hønsehus for 1.000 frittgåande høner.
— Me begynte med frittgåande høner i 2011, og har plass til 2.000 høner i dette hønsehuset. Me har valt å ha 1.000, for då har dei god plass å boltra seg på. Det er viktig at dei trivest, og me har ulike ting som dei kan aktivisera seg med, fortel Hamre.
Frå verpekasse til samleband
Hønene styrer med sitt og er rolege heilt til Vestavind blir synleg. Då fyk dei opp og søker saman i innretninga der dei både verper, kviler, søv og vaglar seg. Her får dei også mat og vatn, og et og drikk det som passar dei. Egga går frå verpekassane til eit samleband, og to store band tar automatisk ut hønseskiten.
— Vart dei urolege fordi det var ei framand røyst?
— Nei, det var nok den raude jakka di dei reagerte mest på, smiler Hamre.
Inn til hønene får Vestavind ikkje gå, for det vil stressa dei. Men Hamre opnar døra slik at det kan fotograferast utan netting mellom. Medan me pratar, roar hønene seg. Og nokre av dei blir nysgjerrige og kjem mot fotografen. Andre går i gang med å pikka på raude og gule bøtter.
Styrer dagen med lys
— Det er peckingstone som dei brukar til mellom anna å skjerpa nebbet. Når bøttene er tomme, snur me dei. Då pikkar dei i veg på toppen, og det høyrest ut som eit trommeorkester innimellom. Me har også sett inn ein barnexylofon til dei, og den var dei ivrige til å «spela» på, fortel Hamre.
Sidan hønene er inne, blir ikkje dagane deira styrte av dagslys. Det har dei løyst med ledlysrekker som følger dagsfasen.
— Når det er morgon, blir lysrekka inne i kvilehylllene slått på. Då vaknar dei til live som om sola er i ferd med å stå opp. Etter kvart blir lysrekkene på golv og i tak, samt hovudlyset slått på. Då er det full dag og full aktivitet, og omvendt når det blir kveld. Då vaglar dei seg fint og roar seg for natta. Etter at me starta med dette, er det langt færre egg som blir lagt på golvet. No blir 99 prosent av egga lagt i verpekassane, seier Hamre.