nyhende
Her kjem nye vegnamn
Fire vegar skal tildelast offisielle namn frå kommunen. Måndag kveld presenterast dei for formannskapet. Sjå og les kor i saka!
Det er fire vegar i Sveio som treng å tildelast vegnamn, altså ei offisiell adresse.
Måndag kveld skal forslaga leggast fram for formannskapet.
Fire forslag
Tre av dei fire vegane ligg heilt nord i kommunen, og ein av dei i nærleiken av Sveio sentrum.
Her er namneforslaga:
1. Vågaskåro – Vegen tek av frå Valevegen like før Valevåg ferjekai. Området har namnet Vågaskåra på kartet. Arbeidsgruppa viser til vegnamnet «Kruno» som ligg litt lengre sør, som også har o-ending i namnet.
2. Garvikvegen – Vegen tek av frå Tittelsnesvegen like før kaien på Tittelsnes, og går nordover til ei vik i sjøen som heiter Garvika.
3. Gardhaug – Vegen tek av frå Bjørgavegen like sør for kryss mellom Bjørgavegen og Eidsvegen. Området har namnet Gardhaug på kommunen sitt kart frå før.
4. Leitebrotet – Vegen tek av frå Bakkevegen og går sørover til brotet ovanfor Sveialeitet.
Avgjerast hos formannskapet
Kommunen trur skilting og offisielle vegnamn vil kunne vera til hjelp for naudetatar i samanheng med utrykking.
Vestavind har ikkje lukkast i å kome i kontakt med arbeidsgruppa som har utarbeida namna. Ifølgje saksdokumentet har dei lagt vekt på tilknyting til staden når dei har kome med forslag.
Formannskapet tek måndag kveld den endelege avgjersla om namna, og forslaget skal ikkje vidare til kommunestyret.
Det er fordi kommunestyret har gjeve formannskapet fullmakt til å bestemma både offisielle adresser og korleis dei skal skrivast.