nyhende
Her kjem minst éin ny attraksjon
Mange likar seg på Strando i Førde. No vil bygdalaget gjera staden enda meir attraktiv for både store og små.
Strando har blitt eit samlingspunkt i Førde. Her er fint og velstelt grøntareale, skulpturar i tre, moglegheit for å grilla, bada, spela volleyball og trena. Det er også toalett, og om sommaren har bygdalaget kiosk. Kva meir manglar? Ein plass for ungane å leika, meiner Førde bygdalag, som har jobba med dette i over eitt år.
Avslapning for dei vaksne
– Tanken vår var å ha ein leikeplass slik at det kan bli ein plass der ein kan setja seg ned og slappa av medan ungane leiker, seier Johnny Lønning. Han er med i bygdalaget si prosjektgruppe for leikeplassen.
Sveio kommune har gitt klarsignal for prosjektet, i desse dagar blir grunnarbeidet gjort.
Treng sponsorar
– Me håpar at arbeidet blir ferdig no i haust. På same tid har me søkt om midlar, me har fått støtte til to leikeapparat, seier Lønning. Sparebanken vest og Haugesund sparebank er med til no. Grunnarbeidet er sponsa av ein privatperson.
Leikeplassen vil koma bakkant av Strando, ved elva. Planen var ein rein klatrepark der apparata skal passa inn i miljøet så godt som mogleg, men det har også kome inn forslag frå vaksne som også vil «leika» på Strando, og bygdalaget er på ballen.
– Me har fått inn ønskje om å laga boccia-bane. Me held på å undersøka kva krav det er, og om me skal ha godkjend bane, seier Lønning.
Tar tida til hjelp
Prosjektgruppa har ikkje noko tidsplan for kva tid leikeplassen skal vera klar til bruk. Storleiken vil bli i underkant av 400 kvadratmeter.
– Det ville vore fantastisk å ha det klart til sommaren, men det er avhengig om me får resten av finansieringa i boks, ting kan ta tid, seier Lønning. Å velja leverandør av leikeapparat er også noko som gjenstår.