nyhende
Her kjem det mykje nytt
Førde Bygdalag fekk nyleg forskottert midlar frå Sveio kommune til ein ny hinderløype. Det er berre ein av fleire nye ting som kjem på stranda. — Me vil laga eit område kor alle kan vere, seier leiar i bygdalaget Tor Inge Flåten.
Lauva blæs roleg frå trea når leiaren av Førde Bygdalag, Tor Inge Flåten, tek i mot Vestavind ved stranda i Førde.
Langs stien som kryssar den lille elva i naturparken viser han veg til ein stor og open plass. Her skal det verte hinderløype som ein kan klatre i enten ein er liten eller vaksen. Men, det er framleis ein god stund til.
— Me håpar å ha det klart til sommaren, seier Flåten.
Vikingskip
Så langt er det ingenting på den tomme plassen utanom eit samanslått vikingskip. Det kjem til å bli ein flott sandkasse når den er montert.
— Det er viktig at du får med at det vert ikkje berre hinderløype og klatrestativ. Det kjem mykje meir her og, seier han.
Flåten og bygdalaget har nemleg fått forskottert midlar til hinderløypa frå kommunen, til saman 255.000 kroner. Det vil sei at kommunen gjev dei pengar, men at det må betalast tilbake etterkvart.
— Me fekk også stønad frå Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest, seier han.
Flåten seier kommunen har vore positive til å utvide aktivitetstilbodet ved stranda.
— Me har bestilt det i treverk, så det ikkje skil seg ut frå naturen, seier Flåten.
Når tida kjem for å montere vil dei få hjelp av lokale folk, der nokon har lova å stille med traktor for å flytta dei svært tunge stokkane.
Har tenkt på alle born
Det er ikkje berre sandkassa og hinderløype som skal kome. Bygdalaget ynskjer også å skaffe ein karusell som kan vere på same plass. Den er dei førebels avhengig av fleire støttemidlar til å få til. Og med den har dei hatt inkludering i tankane.
Den skal nemleg vere det som heiter universelt utforma. Det vil seie at alle skal kunne bruke den, med eller utan funksjonsnedsetting.
— Me synast det er viktig at alle kan vere med, seier Flåten.
Og dei vil lage til ein bane for spelet Petanque, det skal ligge i nærleiken av den allereie eksisterande volleyball-banen.
— Orsak, men kva er Pentanque?
— Det er eit ballspel som minnar veldig om Bocca. Du har nok sett eller spelt det før, forklarar Flåten.
Dei komande månadene vil arbeidet gå i gang trur Flåten. Bygdalaget har fått godkjent dei første søknadane og resten av dei nødvendige søknadane er sendt inn.
Sjølve plassen står ferdig planert og klar for å brukast til noko.
— Korleis fekk de ideen til alle desse tinga?
— Bakgrunnen er at det hadde vore kjekt med noko meir for born og familiar her. Det er utandørs treningsapparat her allereie, og då passar det godt med ein aktivitetspark også, seier Flåten.