nyhende

Slik blir Hansabakken 2 i Sveio sjåande ut når to 4-mannsbustadar og 5 to-mannbustadar står ferdig. ILLUSTRASJON: VALVATNE BYGG AS
Den planlagte butadane i Steinhaugmarka jhar førebels ikkje lokka nokon til å kjøpe.LLUSTRASJON: VALVATNE BYGG AS

Her kjem det 18 nye bustadar

Etter fleire forsøk på å lande eit konsept er det no klart korleis Hansabakken 2 i Sveio sentrum skal byggast ut.

Publisert Sist oppdatert

I juni i år sende Valvatne Bygg AS inn byggemelding for 18 nye bustadar på marka like bak Kiwi-butikken i Sveio sentrum. 

Planane fekk kommunal godkjenning for nokre veker sidan, og no gler Stord-verksemda sin lokale salskonsulent Bjørn Storebø seg til salsstart, forhåpentlegvis i januar.

– Dette har me jobba lenge for, så nå er vi glade for at vi straks kan gå ut i marknaden med desse bustadane, seier han.

Har interessentar

Selskapet har nyleg sett opp tre liknande tomannsbustadar på Gjermundshaug i Sveio.

– Men i dette nye prosjektet har me gått for eit litt meir spenstig materialval, fortel Storebø.

Bjørn Storebø gler seg til salsstart for det nye bustadprosjektet i Sveio sentrum. Det blir truleg i januar.

Dei nøkkelferdige bustadane får ifølgje seljaren eit moderne uttrykk.

– Vi synest i alle fall at husa, slik dei er teikna, kler området. Også handlar det om at bygningane ikkje skal rigge for mykje i terrenget. Alle har jo lyst på litt utsikt, seier han.

Bustadane leverast nøkkelferdige og skal førast opp i det Storebø beskriv som vedlikehaldsvennlege materialar.

– Vask av veggar og boning av ytterdør må ein pårekne, seier han.

Også uteområdet til det nye bustadfelt blir gjort ferdig med kantstein, natursteinmurar og ferdigsådd plen.

Det planleggast å byggja naudsynt infrastruktur som veg, vatn og kloakk til alle einingane på ein gong. 

– Også betongen må me nok få på plass i ei vending, seier han.

Ikkje billigaste sort

Resten av denne månaden, og nokre dagar i januar, går til å få lande anbod, søke lån hos husbanken og rekna på endelege prisar.

Det ligg i korta at det ikkje er mellom dei aller rimeligaste bustadane som skal byggast. At prisane på byggemateriale generelt har stege kraftig gjennom det siste året, bidreg også til at ein må rekne med å måtte grave litt i lommeboka for å sikre seg rusleavstand til alt Sveio sentrum har å by på.

– Det er ikkje billighus. Men det skal samtidig vere overkommeleg for folk, understrekar han.

Han legg til at prisane i Haugesund-forstaden Sveio generelt er på veg opp, noko han meiner kommunale tomter med ein prislapp på opp mot 1,3 millionar per stykk andre stadar i Sveio er døme på. 

Det er på denne tomta dei nye husa kjem. Soknehuset og Sveio kyrkje i bakgrunnen på bildet.

Kor mange av dei 18 kjøpekontraktane utbyggaren treng å ha kundane sine namnetrekk på før dei tingar gravmaskin har ikkje Storebø noko nøyaktig tal på, men seier at det vil vere snakk om meir enn halvparten.

Det var Valvatne Bygg som i si tid utvikla også første del av Hansabakken, no ser Bjørn Storebø fram til at også siste del av marka omsider skal bli bygd ut.

– Vi har sett på forskjellige løysingar opp gjennom åra utan å kome i mål, men no er vi glad for å kome i gong, seier han.

Powered by Labrador CMS