nyhende

Her kan du parkere bilen på hotellrommet

Johannes Einemo (37) elskar supersportsbilar og skakke trehus. Slikt blir det både spesialdesigna køyresko og drive-in-hotel i eit gammalt slakteri av.

Publisert Sist oppdatert

– Han har faktisk NASCAR Cup-motor på 653 hestar, 700 newton og 8000 omdreiingar. Det er mykje hestekrefter på ein liten V8-motor utan turbo, overlading og kompressor!

Johannes Einemo gliser og klappar stolt taket på ein knallgul Ford GT40-replika, medan ein gjeng asfaltarbeidarar som tilfeldigvis har oppdaga verkstaden hans, lyttar til samtala med oppspilte auge.

Her, i ein nedlagt trevarefabrikk på gamle Lærdalsøyri, har Einemo tusen kvadratmeter med lakkverkstad, lagerutleige, kontor og plass til 20 bilar. Dei fleste av plassane er okkuperte av Einemos eigne supersportklenodium, som mellom anna tel ein Lamborghini Diablo, ein Renault Clio V6, ein Porsche 911 Turbo og ein ombygd Mercedes 190 EVO. Ja, og den nemnde GT40’en, og ein knallraud Ferrari Testarossa Mono Speccio-modell, som står parkert utanfor verkstaden.

Det var synet av sistnemnde som fekk vegarbeidarane til å banke på. Dei visste enno ikkje at eksemplaret var bil nummer 75 som trilla ned frå samlebandet til Ferrari, eller at spegelen på bakstolpen, sentervoltfelgane og eit særeige injection-system gjer han til ei svært sjeldan perle.

Johannes Einemos Ferrari Testarossa osar Miami Vice-nostalgi.

Full pinne

No står karane like tett rundt den knallgule blåkopien av bilen som vann det franske 24-timarsløpet Le Man i 1966. Einemo opnar velvillig motorrommet på GT40’en og fortel samstundes at girkassa som er brukt i bilen, også vart nytta i gruppe C-bilar og Formel1-bilane på 80-talet. Bilen er den einaste av sitt slag i verda. Registreringspapira gjer han ikkje mindre unik. Før han kom til Noreg og vart gatebilregistrert på 2000-talet, var han løpsbil av det illsinna slaget:

– Eg har jobba for å få han til å sjå ut som ein teikneseriebil – men under skalet er han framleis løpsbil. Absolutt alt er spesialbygd, og eg har sjølv snakka med han som gjorde jobben. Dette er ein bil du både kan bruke på Le Mans Classic – og køyre heim att med, reklamerer Einemo.

– Kor brukar du bilen sjølv?

– Nei … Eg har vel nesten ikkje køyrt han. Eg har berre skrudd, eg! Eg hadde ein raud før, som var bygd som ein tributebil til GT40. Men rett etter at eg hadde selt den, så ringde han som eigde denne.

Einemo ler høgt av kor lett han kan la seg freiste – og gløyme kva som følgjer med eit slikt kjøp:

– Ha-ha. Det er eit helvete av ein bil. Han bråkar og ting ryk heile tida, og det er anten full gass eller ingenting. Å køyre på fjellet med denne er ikkje ideelt. Han surnar jo om du berre cruisar.

Asfaltarbeidarane frå NCC Industri oppdaga bilsamlinga til Einemo på slump, og lyttar storøygde når han fortel om GT40-replikaen. F.v.: Steinar Skogen (Mandal), Krister Skerveggen (Voss), Sigmund Henjum (Leikanger), Ole Georg Hustavenes (Voss) og Bjørn Georg Halland (Bergen).

Frå klatrar til direktør

Ein time tidlegare stod Einemo med hendene djupt inne i eit dynetrekk nokre hundre meter lenger bort i vegen og gjorde klart eit heilt spesielt hotellrom for langvegsfarande gjester.

For jau då, lærdølen er blitt hotelldirektør også, etter mange år som klatrar i oljeindustrien.

Det var då det forfalle trehotellet frå 1880 i Øyragata kom for sal, at Einemo innsåg at det kanskje var mogleg å kapitalisere meir på bilinteressa si. Etter tre år med jobbing 24/7 opna han og sambuar Elin Lærdalsøren Motor Hotel med ti rom i 2017.

Snart brøla det frå Ferrari-motorar og luftkjølte Porsche’ar mellom dei høge fjella, og bilklubbar frå inn- og utland såg plutseleg Lærdal som ein heilt naturleg destinasjon. Før var Lærdalsøyri tom i mai. No dryp trafikken med dei store bilfølgjene på bygdene langs heile fjorden.

Det er faktisk våren og hausten som er høgsesong for hotellet, fortel Johannes. Då er bubilane borte og vegane stort sett tomme. For om området ikkje kan skilte med ein einaste motorveg, har det desto fleire nasjonale turistvegar. Folk kjem langvegsfrå for å oppleve hårnålssvingar, spreke bakketoppar og langstrekk mellom mange meter høge brøytekantar.

Knitrande metall

Når Johannes Einemo ikkje ligg fremst som turguide for dei brølande beista, står han gjerne bøygd over ein motor og fiksar eit akutt problem eller tappar iskald øl i hotellpuben. Mest av alt elskar han å sjå bakgarden på hotellet fylt opp med spesielle firehjulingar og høyre knitringa frå eksosanlegga når metallet kjølar seg ned og trekkjer seg saman.

Det ligg ei heilt eigen glede i å ha skapt noko som svært få trudde på frå starten, seier han, og vedgår at mange var redde for at motorplanane ville snu det ærverdige trehusmiljøet på hovudet. Ifølgje Einemo gjekk det seg til når sambygdingane såg kor seriøst han driv:

– Mange meinte eg var tullete som trudde eg kunne skape eit slags bilmekka i Lærdal. At folk skulle gidde å reise hit, liksom. Det gjer det ekstra kjekt å ha skapt eit miljø og sjå kor glade og gira folk som kjem hit blir. Mange kjem att år etter år og har sitt faste rom. Det er jo ingen skilnad i bilinteressa om du har ein bil til 50.000 kroner eller 5 millionar.

Ei furtestund i hotellbaren vart til «Heel and toe footwear». Når ein køyrer klassiske bilar med manuelt gir, brukar ein høgreskoen til å bremse og gasse, og venstrefoten til å halde styr på clutchen.

Look to Lærdal

Om Einemo ein sjeldan gong set seg ned, dukkar det gjerne opp ein ny ide som fører til endå meir arbeid.

Slik det gjorde for nokre år sidan, då han sat i hotellbaren og såg på gamle køyrebilete og stura over at pandemien hadde øydelagt nok ein hotellsesong. Resultatet av furtestunda vart eit samarbeid med Aurland skofabrikk om utviklinga av køyreskoen «Heel and toe footwear».

Ja, eller som då han hadde parkert GT40’en i det gamle slakteriet som ligg eit slapt steinkast frå hotellet, og eigentleg ikkje gjorde anna enn å sitje stille og beundre sitt eige glis.

Det var då Einemo hugsa alle bileta han har sett på Instagram opp gjennom åra – dei av utanlandske næringslivsfolk med høg sigarføring som parkerer supersportsbilane sine på kontoret.

– Me kunne jo ikkje vera dårlegare i Lærdal. Der og då bestemte eg meg for å bygge eit drive-in-hotellrom!, humrar Johannes i det telefonen ringjer, slik han har gjort ganske konstant den siste timen.

Denne gongen er det fire gjester som melder at dei er rett rundt hjørnet. To av dei skal faktisk bu i drive in-suiten, som stod klar i fjor sommar, fortel direktøren, før han hoppar i bilen og gir gass med dei utslitne køyreskorne bort til hotellet att.

Parkert på varmekablane

Det var slett ikkje gitt at drive-in-rommet vart ein realitet, fortel han etterpå, denne gongen travande til fots gjennom bakgarden på hotellet og med kursen mot det gamle slaktehuset.

Då Einemo bestemte seg for å gjennomføre ideen, ana han ingenting om kor pill rote det gamle huset eigentleg var – eller kva for papirmølle som ventar om ein skal få godkjent bruksendring på eit freda trehus frå 1800-talet. Men når lærdølen først har bestemt seg for noko, gir han seg visst sjeldan før han kryssar målstreken.

I dag ser fasaden på det gamle slaktehuset ut som han alltid har gjort. Det er først når Johannes opnar dei målingsslitne låvedørene, at ein topp moderne garasjeport i glas kjem til syne. Han har berre akkurat rukke å slå porten på vidt gap i det det brølar frå ein V8-motor rundt svingen, og ein draum av ein AC Shelby Cobra rullar inn på tunet.

Snart står den klassiske, blå amerikanaren parkert på varmekablane i suiten, medan sjåfør Svein Løken og kona Nina frå Fall i Søndre Land pakkar ut. Dei har budd på hotellet fleire gonger før, men aldri her i det aller heilagste.

Bilsamlar Svein Løken frå Fall ved Randsfjorden har vore gjest ved hotellet fleire gonger. Denne gongen har han også tinga rom til sin gamle AC Shelby Cobra.

WC med utsikt

Før karane forsvinn med hovudet først ned i motoren, og lenge før direktøren greier å rive seg laus og springe vidare til hotellkjøkenet for å lage pizza til dei ihelsvoltne gjestene, gir han dei ei kjapp innføring i fasilitetane i drive-in-delen: Frå golvsluket der regnvåte bilar kan drype frå seg, elladaren frå Porsche på veggen til det brannsikre glaset som omgir rommet frå golv til tak.

Bak glasa ligg dei andre romma på rekkje og rad, fortel Johannes Einemo og peikar, om mogleg endå meir entusiastisk denne gongen.

Han slår begeistra ut med hendene:

– Her kan du nyte synet av bilen din både frå soverommet og frå stova. Til og med på toalettet er det glas – der du kan sjå ut, men ingen kan sjå inn. Betre enn det blir det vel ikkje? Eg kallar det berre shit with a view!

Powered by Labrador CMS