nyhende

Her kan det blir nattemørkt langs vegane

Som eit prøveprosjekt vil fylkeskommunen sløkke fleire veglys på Bømlo om natta. Vert det vellukka utvidar dei også til Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Fylkestinget har vedteke ein ny strategi der dei ynskjer redusere både straumforbruk og lysforureining. No skal eit pilotprosjekt prøvast ut på Bømlo, med oppstart midt i november.

Der vil dei skru av lysa på vegane, frå klokka 23.30 til 04.30 på kvardagar og frå midnatt til klokka 5 i helgene.

Bømlo-delen åleine er rekna til å spare dei om lag 275.000 kroner årleg, om ein kilowatt-time kostar ein krone.

Viss prosjektet blir vellukka vil dei utvide prosjektet til tre andre kommunar i Sunnhordaland, mellom anna Sveio.

Fleire Sveio-vegar

Vegane i Sveio kommune som ein førebels har sett for seg er Tittelsnesvegen (fylkesveg 47), Liereidvegen (fylkesveg 4988) og mindre delar av Valevegen (fylkesveg 4990).

— Valevegen er det ikkje sikkert me tar med grunna busetnadane, seier Sigbjørn Rabbe, leiar for Elektro i Vestland Fylkeskommune.

— Så dykk skrur ikkje av lysa i nabolag?

— Nei, det er det kommunane sjølv som styrar, men dei burde tenkje på det dei og, seier Rabbe.

Det skal vere på vegstrekningar med lite trafikk?

— Ja, seier han.

Strekningane dei har vald på Bømlo har vore målt til veldig lite trafikk den tida på døgnet dei vil stengje lysene.

Årsaka til at Sunnhordaland vert prøvekanin er teknologien som er på plass i området.

— Sveio, Bømlo og Stord har dei mest moderne lysanlegga på Vestlandet, seier han.

Om fylkeskommunen er nøgd med prosjektet etter ein månad vert det aktuelt å stengje lys om natta i Sveio, men ikkje utan å høyre med dei lokale.

— Før me stenger noko må me snakka med kommunen. Har dei natt-trafikk nokon stad tar me omsyn til det, seier Rabbe.

— Det er vel fornuftig

Ein lokal som er positiv til planane er André Lier, styremedlem i Straumøy Velforeining. Han bur langs Liereidvegen.

— Nei, det er vel fornuftig. Det står nå og brenn straum til ingen nytte på natta, i kvart fall i vekene, seier han.

Lier fortel at det ikkje er så mange lyktestolpar hos dei uansett, men om dei vert skrudd om natta er det kun i slutten av veka dei vert sakna.

— I helgene trengs det meir, då kjem folk attende frå naboane og slikt, seier han.

Fylkeskommunen skal ha ros for at dei gjer noko meiner han, og kjem samstundes med ein oppfordring til Sveio kommune, når dei sjølv skal sjå på saka:

— Eit føreslag frå mi side er å byrja i sentrum og ta bygdene til slutt, seier Lier.

Powered by Labrador CMS