nyhende

Her har du retten på di side

Allemannsretten gjer det fritt fram for oss i store delar av landet. Men det finst ein del unnatak som både grunneigarar og folk flest bør vere klar over.

Publisert Sist oppdatert

– Kor innmarka sluttar og utmarka startar, vil ofte handle om skjønn i kvart tilfelle, og er ei avveging mellom grunneigaren sine interesser og grunneigarretten på den eine sida, og den allmenne interessa og allemannsretten på den andre. Det er difor ikkje heilt enkelt å snakke enkelt og generelt om innmark- og utmark, seier Elisabeth Mo Berg.

Ho er seniorrådgjevar i juridisk seksjon for naturmangfald hjå Miljødirektoratet, der dei kvart år får mange spørsmål om allemannsretten – den lovfesta retten alle av oss har til å ferdast og opphalde oss i utmarka i Noreg, så sant ferdselen skjer «omsynsfullt og med tilbørleg varsemd».

Akkurat på denne årstida får direktoratet til dømes spørsmål frå kommunane om dei kan forby eller avgrense telting i pressområde – og om grunneigarar kan krevje parkeringsavgift. Dei spørsmåla skal me koma attende til. Men først til skilnaden på utmark og innmark, som jo alt dette kokar ned til.

Heile tomta ikkje innmark

Enkelt forklart er utmark det meste av skog, fjell, myr, strand og vatn, der ein kan ferdast fritt. Unnataket er område som er sperra av og avsett til vern av drikkevatn, viltoppdrett, næringsverksemd eller militær aktivitet.

Innmark er på si side gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og liknande. På slike plassar gjeldt ikkje allemannsretten, med det finst somme unnatak, når til dømes marka er frosen eller snødekt. Sjølv om avgrensingane mellom utmark og innmark høyrest enkle ut, er det kvar denne grensa faktisk går som ofte er kjelde til usemje:

– Den viktigaste kategorien innmark er areal rundt hytter og hus. Men ein reknar ikkje heile hustomta som innmark. Innmarka på ei tomt er berre den private sonen rundt hytter og hus. I praksis reknar ein ofte at innmarka på ei hustomt utgjer eit mål, altså rundt 33 x 33 meter. Normalt betyr det ein avstand på 10–15 meter frå hus- og hytteveggen heile vegen rundt, men det vil variere etter korleis terrenget og vegetasjonen på tomta er. Utanfor denne private sona er det utmark, forklarar Mo Berg.

Kreative grunneigarar

I utgangspunktet er det ingen privat sone rundt sjøbuer og badehus og uthus, men heller ikkje dette er hogd i stein. I somme tilfelle kan også sjøbuer ha ei avgrensa privat sone, fortel Moe Berg:

– Kor stor den private sona er, vil handle om eit konkret skjønn ut frå lokale forhold. Men grunneigarar i strandsonene må uansett finne seg i å få allmenta tett innpå seg.

Ho seier grunneigarar likevel kan vere kreative når det gjeld å prøve å gjere større delar av eigedomen sin til innmark ved å «privatisere» utmarka på ulike vis:

– Det er ein kjent strategi at grunneigarar privatiserer utmarka i strandsona, med alt frå gjerde til murar, kjettingar og hekkar. Men ein kan ikkje opparbeide eller gjerde inn eit uforholdsmessig stort område rundt bustaden om det er til «utilbørleg fortrengsel for den allmenne ferdselen», som det heiter i Friluftslova. Det er som hovudregel ikkje lov, såframt grunneigaren ikkje har særskilt løyve eller kommunen har vurdert at ho eller han har ei såkalla «berettiga interesse», seier ho.

– Slik sett er det avgrensa moglegheit for å utvide den private sona, ved å til dømes opparbeide større hage med grasplen, hekk, blomsterbed, mur og plattingar.

Psykologisk stengsel

Her er det viktig å merke seg at det utan særskilt heimel heller ikkje er lov med forbodsskilt og psykologiske stengsel som kan bli oppfatta som forbod mot ferdsel, opphald, bading eller hausting – slik at allmenta vegrar seg for å ferdast der.

I praksis kan det bety alt frå å plassere ut skilt som varslar kameraovervaking til adgang forbode-skilt eller måling av «privat» på svaberga. Ein kan heller ikkje over tid plassere ut hagemøblar, hengekøyer, partytelt eller sette opp ei flaggstong langt unna den private sona rundt huset.

Om det til dømes er tvil om eit område er å rekne som innmark eller utmark, om eit skilt eller anna hindring er lovleg eller kva avstand raste- eller teltplass skal ha frå eit bebudd hus, kan ein rådføre seg med kommunen. Dei har plikt til å svare. Også her vil konklusjonen avhenge ut frå dei lokale forholda der og då.

– Mange saker om allemannsretten går likevel heilt til Høgsterett for prinsipielle avklaringar, og då er det særleg «utilbørlegheita» som blir vurdert. For det er altså ikkje nok at ferdsel frå andre er ei plage for grunneigaren. Ferdselen må i tillegg vere til «utilbørleg» fortrengsel for grunneigaren. Og norma for kva som er utilbørleg, den er streng i strandsoner, understrekar Elisabeth Mo Berg.

Teltforbod i periodar

Kva så med kommunane som vil forby telting i utmark? Og grunneigarane som krev betaling for parkering?

– Ein kommune kan forby eller avgrense telting etter innspel frå grunneigar eller andre, til dømes grunna stor terrengslitasje eller sanitære forhold. Stader der utfarten er stor, kan det også vere aktuelt med eit teltforbod på eit avgrensa området eller ei konkret strekkje visse delar av året. Men ein kan ikkje innføre eit generelt forbod i eit større område, seier Mo Berg.

Kommunen bør alltid vurdere om konflikten kan løysast gjennom rettleiing og informasjon, men har også høve til å vedta teltforbod i ei forskrift. Og ja, ein grunneigar kan forby parkering på privat grunn. Men om han eller ho vil innføre parkeringsavgift, må dei søkje kommunen om løyve. I dag finst det likevel andre moglegheiter for inntening, seier Elisabeth Mo Berg:

– Me er kjent med skilt der parkeringsgjestene blir oppmoda til valfri betaling via vips. Det er lov, så lenge skiltet gir tydeleg uttrykk for at avgifta er heilt frivillig.

A-B-C til allemannsretten

Gå, ri eller sykle på tur

  • I innmark kan du gå/sykle/ri tur på vegar og stiar, så lenge du held god avstand til hus, hytter, hagar og gardstun. Køyring med hest på private vegar i innmark er ikkje lov, men du kan sjølvsagt ta kontakt med grunneigaren og be om det.
  • I utmark kan du ferdast etter vegar og stiar både i låglandet og høgfjellet, så framt terrenget toler bruken av sykkel og hest. I nokre friluftsområde og verneområde kan det vere forbode å ri og sykle, eller vere spesielle reglar for dette.
  • Når mange er på tur saman, aukar faren for skade på naturen og ulempe for grunneigaren. I grupper må kvar enkelt, og gruppa samla, vere ekstra aktsame. I nokre tilfelle krevst løyve frå grunneigar.

Plukke, sanke og hauste

  • Hausteretten er ein del av allemannsretten. Du kan plukke med deg mindre mengder av ville blomster som ikkje er truga, sopp, bær, småstein, ville nøtter, mose, lav, kristtorn, tæger, nevar, bork, skjel, tang og algar – i det heile teke alle «naturprodukt av liten eller ingen verdi». Det er ikkje lov å ta med seg heile planter med røter.
  • Om du vil hauste dei same tinga i større volum til kommersielt bruk, må du ha løyve frå grunneigar.

Bade

  • I utmark kan du fritt bade i sjø, ferskvatn og elvar frå båt, strand, svaberg, holmar, skogkledd kyst og klipper. Du kan også bade i lakseelvar viss du held deg på god avstand frå reiskapen til fiskarane, og dersom badinga ikkje reduserer fiskarane si moglegheit for fangst.
  • Du må unngå å sperre tilkomsten for grunneigaren til eigedommen frå sjøsida.
  • Det er ikkje lov å bade frå private bryggjer utan løyve frå eigaren av bryggja.
  • Unngå også å bade i vatn som husdyr eller menneske bruker som drikkevasskjelde.

Telte

  • I utmark kan du telte minst 150 meter frå næraste bebudde i hus eller hytte. Du kan telte inntil to døgn på same stad, og lenger viss du er på høgfjellet eller langt frå der det bur folk. Nokre stader er likevel tilgangen til å telte avgrensa, så set deg inn i lokale føresegner.
  • På innmark er det berre lov å telte om du har løyve frå grunneigar eller den som brukar eigedommen.

Kjelder: Miljødirektoratet, Fjerning av ulovlige stengsler i strandsonen og DNT

Powered by Labrador CMS