nyhende
Her finn du tid og stad for debattane i lokalvalet
Som veljar har ein mogelegvis ikkje all verdas tid til å setja seg inn i kor og når debattar skal haldast, i tillegg til sjølve sakene til kvart parti. Fortvil ikkje, me har laga ei oversikt.
I årets lokalval er det så langt sett opp fire debattar. Her kan du lesa om kvar og når dei finn stad.
Sveio Næringsråd
Dette vert den første debatten og er mellom partileiarane. Tema er næring i Sveio. Partileiarane vil få nokre minutt til å presentera seg og programma sine. Deretter kjem det spørsmål knytta til næring og programma deira, før det til slutt vert opna for publikum til å koma med spørsmål. Debattleiar er Knut Netland frå TV Haugaland.
- Tema: næring i Sveio
- Kvar: Auditoriet på Vigdartun
- Når: tysdag 22. august klokka 18.00
Ungdomsrådet
Dei yngre inviterer til debatt kor representantar frå alle parti er inviterte.
- Tema: ungdom og tilboda deira i Sveio.
- Kvar: Sveio folkebibliotek
- Når: torsdag 24. august klokka 18.00
Kidshouse
Arrangørane bak Kidshouse inviterer partileiarane til debatt om barn og oppvekst i Sveio.
- Tema: barna sin plass i Sveio
- Kvar: Soknehuset i Sveio
- Når: tysdag 5. september klokka 19.00
Gullsjøhuset
Debatten vert arrangert av Sveio Gullforeining og debattleiar er avtroppande kommunestyrerepresentant Dagfinn Bjørge (Sp). Det vert opna for spørsmål frå publikum mot slutten.
- Tema: samferdsel, skule, eldreomsorg og bygdeutvikling
- Kvar: Gullsjøhuset i Buavåg, adresse Gullvegen 1536
- Når: torsdag 7. september klokka 18.00
OBS. Bjørge vart bedt om å vera debattleiar gjennom Sveio gullforening kor han er medlem. Invitasjonen kom frå leiar Ragnhild Lysen, som stiller til val for Arbeiderpartiet.