nyhende
Her får sveibuen raudt kort
Thomas Kinn frå Sveio kløna til seg eit raudt kort i 1. divisjon sundag. Dermed har 23-åringen sett seg sjølv ut av laget til neste kamp.
Thomas Kinn fekk direkte raudt kort etter å ha sparka ned KFUM-spelar Håkon Stavrum, som jubla over at han sekundar før hadde scora på sveibuen.
Hendinga skjedde heilt på tampen av oppgjøret i 1. divisjon mellom Mjøndalen og KFUM Oslo.
På TV-bileta ser det ut til at Kinn berre vil sparke til ballen i rein frustrasjon, men han trefte KFUM-spelaren som fekk eit smertefullt møte med sveibuen si tå.
Dommaren hadde ikkje noko anna val enn å gi sveibuen raudt kort.
— Dagens klovn
Kinn er ein ivrig kar på Twitter. Der legg han seg langflat, og har publisert eit bilete kor han sitt på benken i garderoben.
«Her sitte dagens klovn, beklage te alle medspillere trenarar og ikke minst fansen. Eg ser ikke han kåffa (KFUM Oslo, red. merknad), legge meg flat, men showet rulle videre, for ein gjeng så kassere inn 3 nye poeng, skriv han.
Her sitte dagens klovn, beklage te alle medspillere, trenerar og ikke minst fansen. Eg ser ikke han kåffa duden🤷🏽♂️ legge meg flat men showet rulle videre, for ein gjeng så kassere inn 3 nye poeng🤎🤝 pic.twitter.com/wVzp8LiHH9
— Thomas Kinn (@ThomasKinn13) May 15, 2022
Kinn har tøff konkurranse om keeperplassen i Mjøndalen. Sosha Makani er tilbake frå ein 6 kampar lang karantene. Veteranen var før sesongen rekna som eit førsteval i Mjøndalen, men Kinn har imponert såpass at trenar Vegard Hansen har prioritert sveibuen også etter at rivalen si karantene var over.
— Makani står neste. Så får vi sjå, sa Mjøndalen-trenaren til Drammens Tidende.
Ei solid trøst for Kinn & co er at Mjøndalen vann kampen 2-1, og leiar 1. divisjon etter seks sigrar og ein uavgjort kamp.
I neste runde møter Mjøndalen Sandes-Ulf borte i toppkamp 23. mai.
Såg Bryne-siger frå benken
Den andre sveibuen som spelar på eit 1. divisjonslag, Tobias Kvalvågnes Guddal, og resten av Bryne spelte sin sjuande kamp på rad kor sluttresultatet vart 2-1 (!) til eitt av laga.
Men denne gangen vart det, etter seks tap, seier for jærbuane då Åsane var på besøk.
Guddal har spelt fleire kampar frå start denne våren, men 19-åringen var unytta reserve denne gongen.
Bryne speler borte mot tabellnabo Grorud i neste runde 23. mai.