nyhende
Her fann 11 det strevsamt å stoppe
Ein skulle tru at det var enkelt å stoppe for full stopp-skiltet i krysset fylkesveg 47/E39 på Haukås. Men UP dreg inn fleire hundre tusen i året frå folk som ignorerer skiltet.
Så seint som sist helg var det 11 sjåførar som ikkje klarte å syte for at hjula på bilen står i ro inntil den kvite streken når dei kjem opp langs fylkesveg 47 og skal ut på E39.
— Skilta står der for ein grunn, og vi ber folk ta seg tida til ein kort stans, få oversikt og så køyre vidare. Då kan ein spare dei pengane relativt enkelt, seier Kjetil Nesbu i Utrykkingspolitiet til Haugesunds Avis.
UP skreiv også ut 16 forenkla førelegg i ei 60-sone i Førde laurdag.
— Høgaste hastigheit var 80 kilometer i timen, opplyser vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon til Vestavind.