nyhende

Her er Tatsiana sine smakfulle rabarbra-tips.

Har du rabarbra i hagen, men er usikker på kva du kan bruka denne asiatiske matplanten til? Då har Tatsiana Kozel nokre gode råd til deg.

Publisert Sist oppdatert

Etter det ho veit, vert rabarbra lite brukt i heimlandet Kviterussland, men då ho kom til Sveio for nokre få år sidan, fann ho ut at rabarbra er populær i norsk matlaging. Det har òg vore tradisjon for å dyppa rabarbra-stilken i sukker og eta han som snacks.

Ein tur til Skånevik var nok til at Kozel fekk augo opp for rabarbra.

— Ein gong eg var i Skånevik køyrde eg forbi mykje rabarbra langs vegen. Så tok eg med meg litt rabarbra heim og laga syltetøy av det. Eg syntest dette var godt og reiste ved eit seinare høve attende til Skånevik for å plukka med meg meir, fortel Kozel.

Rabarbra-eventyr

Etter kvart fekk ho nyss i at det var tradisjon for rabarbra-likør på Island, og ho bestemte seg difor for å prøva dette ut.

— Eg fekk vita at rabarbra-likør er ein nasjonaldrink på Island. Eg prøvde å laga det sjølv, og det var utruleg godt! seier Kozel og forklarer korleis ho går fram:

— Eg skjer rabarbraen i bitar. Så legg eg bitane i eit glas med lok på. Oppi glaset har eg sukker, vaniljesukker, sitronskal og brennevin. Dette skal godgjera seg i glaset i om lag fire veker før det vert likør.

Dei suksessrike rabarbra-produkta gav ho meirsmak på den i utgangspunktet eksotiske matplanten. For eit par veker sidan sette ho seg difor i bilen og la ut på ein lang køyretur rundt om i Sveio. Ærendet hennar var å sanka meir rabarbra, og køyreturen vart i tillegg ei hyggeleg oppleving reint mellommenneskeleg.

— Det var ei kjekk oppleving å reisa på rabarbra-jakt i Sveio. Folka i bygda er kjekke og hyggelege, og dei sa at eg kunne forsyna meg med så mykje rabarbra eg berre ville, seier Kozel.

På eit par dagar hadde ho fått tak i fleire kilo rabarbra, og no har ho laga både syltetøy til frysing, likør, saft og sorbét.

Forfrisking i varmen

Rabarbra-sorbéten har ho servert til folk som har vore på visitt, og dei kjem som regel att for å få endå meir av dei smakfulle godsakene.

Når ho lagar sorbét, gjev ho rabarbraen fyrst eit oppkok i sukkerlake. Så hiv ho det i ein mixmaster og blandar til ho får ein flytande masse. Denne massen legg ho i frysen i ei lita stund, før ho tek han opp og miksar om att. Så fryser ho han, tek han opp att frå frysen, miksar, fryser, og så bortetter. Denne prosessen gjennomfører ho heilt til massen får sorbét-konsistens og alle klumpar er knuste.

— Men ein må vera varsam med mengdene vatn. Bruker ein for mykje, kan massen verta rennande, poengterer Kozel.

Rabarbra-sorbét er ei forfrisking ho kan tilråda på det sterkaste, særleg på varme sumardagar.

Powered by Labrador CMS