NPK-NTB: Heimevernet bidreg frå måndag med vakthald ved olje- og gassinstallasjonar i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
No er dei mellom anna på plass ved olje- og gassanlegget på Kårstø.
– Vi patruljerer, jobbar med vakt og sikring, og dessutan hjelper politiet med ting som dukkar opp, seier innsatssjef for innsatstroppen til heimevernet ved Rogaland Jon Talgø til Stavanger Aftenblad.
Han seier dei vil hjelpe til 24 timar i døgnet.
Det er politiet som har bede om bistand frå Heimevernet.
I ein artikkel på Forsvarets nettside skriv dei at Heimevernet er førebudd på å hjelpe til fleire stader i landet dersom politiet ber om det.