nyhende
Her er den nye soknepresten i Sveio
Eirik Aadland Tappel (49) er tilsett som ny sokneprest i Sveio. Han held på med doktorgrad, og startar som sveioprest på fulltid 19. desember.
– Deadline for doktorgraden er 18. desember, og deretter blir det julefeiring i Sveio, seier Aadland Tappel, som er glad for å ha fått stillinga.
Den nye soknepresten ser fram til å bli skikkeleg kjent med sveibuane og samarbeida med soknerådet. Heilt ukjent med Sveio er han nemleg ikkje. Samstundes som han tar doktorgraden, har han også vikariert ein del i Sveio ein periode.
Ordinert i 2002
– Eg har 90 prosent permisjon som prostiprest i Sunnhordland for å ta det treårige Pd.h-studiet på VID vitenskapelige høgskule. Dei 10 prosentane som er igjen har eg mellom anna vikariert i Sveio kyrkje og hatt både dåp, vigsel og gravferd, fortel han.
Pd.h.-prosjektet hans er «Innovasjon av frivillighet i menighetene».
Aadland Tappel er frå Stavanger og blei ordinert i Stavanger domkyrkje 16. juni 2002. Det første året etter det var han vikar som barne- og ungdomsprest i Stokka kyrkjelyd. Han har brei utdanning og yrkeserfaring, har hatt ei rekke tillitsverv, og har også vore ein del utanlands.
Houston og Helifuel
– Etter Stokka var eg kapellan og prostiprest fire år på Sunnmøre. Deretter var eg sjømannsprest i Houston, Texas. Der traff eg også ein del sveibuar. Mellom andre gjengen på Helifuel. Dei var fast på den store oljemessa, der også Sjømannskyrkja hadde stand, fortel Aadland Tappel, som har Texas Drivers License på CV-en sin.
Han er gift med ein stordabu, og dei har tre tenåringsbarn.
– Me har kjøpt hus på Stord og funne vår plass. Ungane har også sine vener og skule her, så eg vil halda fram med å bu på Stord, seier den nye soknepresten.