nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre under regjeringas pressekonferanse om koronasituasjonen i Oslo i Marmorhallen. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre under regjeringas pressekonferanse om koronasituasjonen i Oslo i Marmorhallen.

Her er dei nye tiltaka

For å behalde kontrollen med pandemien må det setjast inn nye og strengare tiltak no, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB – No er situasjonen med smitte så alvorleg at vi må setje inn nye tiltak for å halde kontroll med pandemien, sa statsministeren på ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Faren for å overbelaste helsetenesta, og spreiinga av den nye omikronvarianten gjer det nødvendig med nye, strengare tiltak, sa han vidare.

Han understreka at vi framleis veit lite om omikron, men at mykje tyder på at han er meir smittsam enn tidlegare variantar.

Skjenkestopp ved midnatt

Det vil i løpet av få dagar igjen innførast skjenkjestopp ved midnatt og krav om bordservering på utestader.

Dermed må barar og skjenkestader halde dørene og ølkranene stengt når klokka slår 24.

Den nasjonale skjenkjestoppen ved midnatt vart etter å ha vore innført ein lang periode vinteren og våren 2021, oppheva søndag 20. juni, medan han i Oslo vart verande vel ei veke til.

Sidan den gong har det vore ope for skjenking, men no skal altså kranene igjen stengjast klokka 24. Meteren blir gjeninnført på skjenkestader.

I tillegg kan alkohol berre serverast ved borda, og det skal vere sitjeplass til alle.

NPK-NTB – No er situasjonen med smitte så alvorleg at vi må setje inn nye tiltak for å halde kontroll med pandemien, sa statsministeren på ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Faren for å overbelaste helsetenesta, og spreiinga av den nye omikronvarianten gjer det nødvendig med nye, strengare tiltak, sa han vidare.

Han understreka at vi framleis veit lite om omikron, men at mykje tyder på at han er meir smittsam enn tidlegare variantar.

Skjenkestopp ved midnatt

Det vil i løpet av få dagar igjen innførast skjenkjestopp ved midnatt og krav om bordservering på utestader.

Dermed må barar og skjenkestader halde dørene og ølkranene stengt når klokka slår 24.

Den nasjonale skjenkjestoppen ved midnatt vart etter å ha vore innført ein lang periode vinteren og våren 2021, oppheva søndag 20. juni, medan han i Oslo vart verande vel ei veke til.

Sidan den gong har det vore ope for skjenking, men no skal altså kranene igjen stengjast klokka 24. Meteren blir gjeninnført på skjenkestader.

I tillegg kan alkohol berre serverast ved borda, og det skal vere sitjeplass til alle.

Påbod om munnbind

Regjeringa innfører no påbod om munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst éin meters avstand ei rekkje stader.

Stadene munnbindpåbodet gjeld, er mellom anna i butikkar, på serveringsstader og i kollektivtransport.

Tilrådinga om munnbind gjeld òg på arbeidsplassar der det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar, som skiljevegger og liknande.

Munnbind på arbeidsplassen gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Maks 20 på trening

Vaksne over 20 år skal ikkje vere meir enn 20 personar når dei driv organisert trening innandørs. Barn og unge og toppidretten blir skjerma.

Det opplyste statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen på tysdag.

Sjølv om det blir innført ei anbefalt maksgrense på mengd som kan trene samtidig, blir det ikkje krav om éin meters avstand.

– Vi gir heller ikkje tilråding om gruppestorleik for barn og unge under 20 år når dei trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar. Dei kan framleis trene saman som dei har gjort, påpeikar helseminister Ingvild Kjerkol.

Ved høgintensiv trening tilrår regjeringa at det blir halde to meters avstand.

Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Elles bør fritidsaktivitetar gjennomførast utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt.

Må førebu seg på gult nivå

Trafikklysmodellen kan vere på veg tilbake i skulane. Regjeringa ber kommunane førebu seg på gult nivå.

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen tysdag der nye tiltak vart lagt fram.

Allereie no skal kommunane ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar ved behov, med utgangspunkt om grønt nivå.

Det skal innførast jamleg testing i skular med høgt smittetrykk. Førebels er det ikkje gitt avgrensingar på samankomstar for barn i barneskule og barnehage, i sin eigen klasse.

Regelen om ein meters avstand gjeld heller ikkje for barn i barnehagar og barneskular, ei heller vaksne som jobbar med tilbod for barn og unge.

Her er dei nye tiltaka:

Ein stor pakke med nasjonale smitteverntiltak skal bremse spreiinga av omikron.

Her er ei oversikt over nye råd og tilrådingar:

Avstand og sosial kontakt:

* Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

* Tilrådinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er òg unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.

* Ein bør ikkje ha fleire enn ti gjester heime utover eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestene. Alle må tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.

* Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt tal på gjester.

* Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.

* Treff andre utandørs når det er mogleg.

Organiserte fritidsaktivitetar

* Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt.

* Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs blir det tilrådd at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare blir det tilrådd at vaksne innandørs held avstand der det er mogleg for å utøve aktiviteten, og at ein held 2 meter avstand ved høgintensiv trening.

* Det blir gitt ikkje konkret tilråding om avstand og mengd når barn og unge under 20 år trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.

* Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Skular, barnehagar og SFO

* Jamleg testing i skular med høgt smittetrykk.

* Kommunane skal ved behov igjen ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir vedteke lokalt.

* Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig talet på vaksne til stades.

* Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogleg innføre undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning. Studentar som er avhengige av å gjennomføre forsøk i laboratorium eller ferdigheitstrening, bør prioriterast for fysisk undervisning.

* Universitet, høgskular og fagskular bør leggje til rette for eksamen og obligatoriske kurs, anten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogleg med godt smittevern. Det same gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne.

Arbeidsliv

* Tilråding om 1 meters avstand og auka bruk av heimekontor.

* Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som skiljevegger eller liknande.

* Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Lufting

* Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Her er ei oversikt over forskriftsfesta tiltak:

Arrangement og samankomstar

* Maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale

* Minnestunder etter gravferder og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, sjå nedanfor.

* 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar.

* Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitjeplassar.

* Ved innandørs arrangement skal det utpeikast ein arrangør som skal ha oversikt over kven som er til stades og gjennomføringa skal vere smittevernfagleg forsvarleg.

* Skjenkjestopp klokka 24:00 på arrangement med skjenkjeløyve.

* Arrangøren skal sørgje for at alle som er til stades ved innandørs arrangement, skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak for fleire grupper, mellom anna for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.

* På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå same husstand kan setje seg nærare kvarandre etter framkomst.

Serveringsstader

* Påbod om at serveringsstaden skal sørgje for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane ved gjesters innkomst, likevel slik at personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setje seg nærare kvarandre.

* Serveringsstader med skjenkjeløyve skal ha sitjeplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.

* Alkohol kan berre serverast ved borda.

* Skjenkjestopp klokka 24.00.

* Serveringsstaden skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykkjer til det.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

* Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal igjen ta i bruk trafikklysmodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre det blir vedteke noko anna lokalt. Det kan bli aktuelt å igjen setje alle barnehagar og skular i landet på gult nivå.

* Desse verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, underhaldningsparkar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.

* Dette inneber krav om å sørgje for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.

* Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

* Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for mellom anna treningssenter og symjehallar.

Munnbind

* Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar.

* Munnbindpåbod gjeld òg hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.

* Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av eit fotballstadion.

Heimekontor

* Påbod om at arbeidsgivar skal leggje til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester som krev nærvær som er viktig og nødvendig for verksemda, til dømes for å vareta barn og sårbare grupper.

Karantene

* Karanteneplikt for nærkontaktar med ein stadfesta smitta kvar det er mistanke om omikron, blir utvida til også å gjelde andre nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

(@NPK)

Powered by Labrador CMS