nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Her er dei nye ferjetakstane

Prisane på fylkesvegferjene går ned med 11,7 prosent frå nyttår.

Publisert Sist oppdatert

I samband med statsbudsjettet vert nasjonale ferjetakstar sett ned med 11,7 prosent frå nyttår. Alle fylkesvegferjene i Vestland følgjer AutoPASS-regulativet, og ferjereiser i Vestland blir dermed billegare.

Det melder Skyss i ei pressemelding.

Buavåg-Langevåg

Er du dagpendlar med ein vanleg konvensjonell personbil på ferjesambandet Buavåg-Langevåg? Då vil du spare 7 kroner per veg frå nyttår samanlikna med dagens prisar, så fremt du har rabattavtale på 50 prosent prisreduksjon i botn.

El-bilistar vil spare 4 kroner dagen, med 50 prosent rabatt.

Ny pris for konvensjonell personbil med lengde på inntil 6 meter er 64,50 kroner per veg.

Ny pris for el-bilar, eller andre nullutslepp-personbilar, med lengde inntil 6 meter er 32 kroner per veg.

Sjå oversikta her:

Under ser du dei nye prisane lista opp etter fullpris og etter kva avtale du eventuelt har.

For andre samband kan du følgje denne linken. (Merk at du må taste inn reisedato i 2022 for å få dei nye prisane.) https://autopassferje.no/priser/

Konvensjonelle køyretøy:

Elbilar og andre nullutslepp-køyretøy:

Powered by Labrador CMS