nyhende
Her blir det to somrar med vedlikehald
Stordabrua på E39 og Bømlabrua på fylkesveg 532 skal vedlikehaldast. Prislappen blir på meir enn 227 millionar kroner. Arbeidet, som skal gå føre seg i sommarhalvåra i 2023 og 2024, kan gi kortare periodar med nattestenging på begge bruene.
Det såkalla Trekant-sambandet mellom Sveio, Stord og Bømlo sto ferdig i 2001. No er det klart for omfattande vedlikehald, til ein samla pris på 227 millionar kroner.
Det er danske Ommen AS som har fått oppdraget som vart lagt ut som eit anbod i samarbeid mellom Statens Vegvesen og Vestland fylke.
Ein kontrakt på 227.803.348,00 kroner pluss moms er signert. Statens vegvesen har ansvar for og tek kostnaden for Stordabrua, og Vestland fylkeskommune for Bømlabrua.
Stordabrua 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999 meter. Det gjer at Statens vegvesen får ein større andel av kostnadane enn Vestland fylkeskommune gjer.
– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen og Kristoffer Hove Vestland fylkeskommune i ei presssemelding.
Kan bli stengt i periodar om nettene
– Arbeidet vil ikkje få store konsekvensar for trafikken, men det kan vera naudsynt at brua blir stengd i eit kort tidsrom mellom klokka 22.00 og 05.30 når arbeidsplattforma og utstyr skal flyttast.
Dette vil bli ytterlegare varsla når det er aktuelt, presiserer dei to prosjektleiarane.
I områdar der arbeidsplattforma kjem i konflikt med trafikkavviklinga blir eitt køyrefelt snevra inn. Trafikken blir avvikla med både med lysregulering og manuell dirigering.
Statens vegvesen gjer naudsynte førebuingar i løpet av hausten, startar på arbeidet våren 2023 og er ferdige hausten same år. Vestland fylkeskommune startar på Bømlabrua våren 2024, og er ferdige i september same år.
Avfuktingsanlegg
Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.
Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.
Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua. Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua.
Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Ver og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag, heiter det i pressemeldinga.
– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen og Kristoffer Hove i Vestland fylkeskommune.