nyhende
Her blir det ikkje gatelys dette året likevel
Kommunestyret godkjente i september i fjor å bruka pengar på lys på Fv 47 mellom Sveio og krysset til Lid. Det var rådmannen si anbefaling å gå inn for dette, då tiltaket har fått positiv respons i møte med fylkeskommunen. Siste nytt er at det kanskje blir i 2022.
– Ein antar at dette tiltaket kan ha god moglegheit for gjennomføring, spesielt dersom kommunen deltar med kommunalt bidrag, skreiv rådmannen i saka om bruk av investeringsmidlar til trafikksikringstiltak i 2020.
No viser det seg at fylkeskommunen sa nei i denne omgang.
– Me har nyleg fått tilbakemelding frå Vestland fylkeskommune at tiltaket frå fylket si side likevel ikkje har fått prioritet for 2021, men at tiltaket blir tatt med vidare og vurdert på nytt for eventuell realisering i 2022, opplyser Tore Johann Enerstvedt på drift og anlegg i Sveio kommune.
– Dette er jo synd for Sveio kommune då dette har vore eit etterlengta prosjekt, men me kan ikkje gjera så mykje anna enn å halda dette varmt og håpa at tiltaket blir realisert tidleg i 2022, seier han.
Kostnaden på gatelys, som skal lyssetta både gang og sykkelveg og Fv 47, er grovt anslått til å vera 6-8 millionar kroner, der Sveio kommune dekkjer 40 prosent av spleiselaget.