nyhende
Hepsiv frå Sveio er landets mest etterspurde spælvêr
Berre dei beste av dei beste kan enda opp som seminvêr, som kan få sæden sendt landet rundt for å spreia dei gode genane til framtidige sauegenerasjonar.
Sjølv om dette først og fremst handlar om å sikra god avl, er det ein god del prestisje i det å ha fått fram den beste vêren.
– Me er sjølvsagt stolte av å ha avla fram ein seminvêr. Hepsiv Haugland, som han heiter, er den første frå Sveio som har vore på Staur Seminstasjon. I fjor haust var han landets mest etterspurde spælvêr, det var ingen som leverte meir semin enn han. Det som er spesielt med denne veren er at han gir svært gode slaktelam og har topp ullkvalitet, fortel Martin G. Haugland, pensjonert sauebonde og leiar i Ring 143 der Hepsiv er granska.
Avlssamarbeid
Haugland overtok bestefaren sin gard på Ulveraker i 1976, og i 1977 kjøpte han sin først sau. Gardsdrifta har han no overlate til dottera og svigersonen, Beathe Susanne Haugland og Johnny Hansen. Beathe Susanne og Johnny har om lag 75 lamsauer og ca. 150 lam, dei fleste er kvite med nokre farga dyr. Haugland og Hansen er med i eit avlssamarbeid med fem etnebuar, kalla ring 143.
Årleg testar ringen ni vêrar, dette skjer same året som lamma er fødde. Tre av dei ni vêrane som blei kjøpte til ring 143 i fjor, kom frå Ulveraker. Desse rullerte så i kvar sin besetning blant medlemmene. Året etter ser ein kven som kjem best ut. Dei er då testa for kor mykje lamma veks og kor mykje kjøt lamma gir. Berre ved å lesa på indekstala kan Haugland lesa kva for eigenskapar dyret har.
– Korleis tek vêrane alle desse testrundane?
– Dei første gongene er alle bremsene på, men etter eit par køyreturar i biltilhengar skjønar dei kva som er på gong når dei kjem i nytt sauehus, smiler Haugland.
– Då me fekk indeksen i 2019, vart me gledeleg overraska då det viste seg at vår vêr, Hepsiv, var beste spælvêr i Hordaland. Då Norsk sau og geit (NSG) plukka ut Hepsiv som seminvêr, vart det også plukka ut ein annan seminvêr frå ring 143, fødd i Etne, denne hadde far og farfar frå Ulveraker, fortel Martin G. Haugland.
Fellesskapstanken
Staur seminstasjon, driven av NSG, leverer rundt 32 000 sæddosar kvart år som blir sende rundt i heile landet. NSG kjøper inn om lag 75 vêrar kvart år av mange ulike rasar. Alle som driv med sau her til lands kan kjøpa dosar, dermed har alle som driv med sau høve til å få tak i det beste avlsmaterialet.
Frå midten av oktober byrjar vêrane å bli tappa for sæd, og dersom sæden er brukande, blir den frosen ned og fylt på strå» med ID-merking.
Ved levering av kåra lam til ringen mottar saueeigaren ein rettleiande pris, bestemt av NSG. Beathe og Johnny fekk betalt 3 200 for Hepsiv då ring 143 kjøpte han, og sidan han gjekk inn som seminvêr fekk ring 143 utbetalt 11 000 kroner. Då NSG selde 525 sæddosar av denne veren, fekk dei 48 000 kroner. Viss dei også sel av same vêren til neste år kan det godt bli 20-30 000 kroner til, opplyser Haugland.
– Ikkje den store avkastinga til sauebøndene altså?
– For oss handlar det ikkje så mykje om pris. Det som er så flott med saueavl i Noreg er fellesskapstanken, det at alle har moglegheit til å få tak i semin, og at me jobbar for å få spreidd dette til flest mogleg. Det er jo fantastisk at me kan få tak i Noregs beste NSG-semin, med 140 i indeks, til 130-140 kroner per dose. Får du då lam etter dei, har du fått kjempelam til ein rimeleg pris, fastslår den engasjerte leiaren i ring 143.