nyhende
Hente fram munnbindet? Slik unngår du influensa i jula
Influensautbrotet går føre seg for fullt. FHI anslår at det vil føre til press på fastlegar, legevakter, og at det kan bli mange sjukehusinnleggingar i jula.
Det er venta at smittetoppen på nasjonalt nivå blir nådd før jul eller i jule-/nyttårshelga.
– Så lenge vi omgåst andre, vil det alltid vere ein viss risiko for smitte, men dei fleste vil tole ein luftvegsinfeksjon godt, seier seksjonssjef Berit Løkken Finess i FHI til NTB.
Det einaste sikre rådet for å unngå å bli sjuk, er dermed å gjennomføre jula heilt mutters åleine.
– Vi må alle rekne med å få éin eller fleire luftvegsinfeksjonar i løpet av eit år, seier ho.
FHI er tydelege på at mange vil bli influensasjuke inn mot jula og i jula. Den siste vekerapporten slår fast at influensautbrotet aukar svært raskt.
– Lenge sidan meteren
Men nokre grep kan ein ta for å redusere risikoen.
– Som befolkning lærte vi mange enkle tiltak under koronatida som vi gjerne kan ta med oss vidare. Då er vi særleg opptekne av dette med god hostehygiene – å hoste i olbogekroken. Og god handhygiene. Det tenkjer vi er veldig fine vanar ein kan halde på og ta med vidare, seier Finess.
– Bør ein ta fram denne meteren igjen også kanskje?
– Den meteren har vi ikkje snakka om på ganske lenge. No fokuserer vi på dei generelle råda.
Blir spreidd lettare innandørs
Og dei generelle råda er altså, god hand- og hostehygiene.
– Og så er det sånn at luftvegsinfeksjonar blir spreidde lettare innandørs enn utandørs. Så ein kan også vurdere å unngå trengsel, spesielt innandørs.
Seksjonssjefen på FHI seier at det viktigaste er å prøve å unngå å smitte folk som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar.
– Det er spedbarn, eldre og personar med kroniske sjukdommar, som hjartesjukdom, nedsett immunforsvar, kreftsjukdom og astma, seier Finess. Dersom ein har vorte sjuk, er det viktig å ta omsyn om ein skal gjennomføre jula med personar i risikogruppene, legg ho til.
Utbrotet vil vare i mange veker
Eit anna viktig råd er at folk i risikogruppene bør vaksinere seg.
– Vaksine mot influensa, vaksine mot korona og mot pneumokokksjukdom er tilrådd til folk som er i desse risikogruppene. Men også andre kan vaksinere seg om dei vil.
– Det er ikkje for seint å vaksinere seg no?
– Absolutt ikkje. Vi kjem til å ha influensa i omløp i mange veker framover.
FHI har inga aktiv tilråding om munnbindbruk no. Men dei oppgir bruk av munnbind som ei moglegheit ein kan ta i bruk for å hindre smitte, spesielt for personar i risikogruppene.
– Om du har luftvegssymptom så kan både bruk av munnbind og det å halde avstand til andre redusere risikoen for at du smittar andre. Og så kan det også redusere risikoen for å bli smitta sjølv, seier Finess.
Smittar først og fremst ved hoste
Blir ein smitta, tek det eit par-tre dagar før ein utviklar symptom.
Det betyr at folk som blir smitta no til helga, kan risikere å få influensaen i fleisen på julaftan.
Primært smittar influensaviruset i lufta.
– Vanlegvis skjer det ved at nokon til dømes hostar eller nys, og at det spreier seg små spyttdropar i lufta med virus, som andre pustar inn. Det kan også spreiast ved at ein til dømes hostar seg i handa og tek på eit dørhandtak, og at andre kjem og tek på det dørhandtaket og tek seg til munnen, seier Finess.
Blir du sjuk: Kjenn på forma!
Det varierer veldig kor sjuk ein blir av influensa.
– Det kan vere alt frå ingen symptom, til veldig milde symptom, til dei som blir alvorleg sjuke. Heldigvis blir dei fleste ikkje alvorleg sjuke av dette.
Har ein vorte sjuk, er det elles vanskeleg å vite om det faktisk er influensa ein har fått.
– Symptoma minner veldig om dei ein kan få av andre luftvegsinfeksjonar som forkjøling eller covid-19. Så den einaste måten å vere sikker på, er ved å ta ein test.
– Kva bør ein gjere om ein blir sjuk?
– Då må ein jo kjenne litt på forma – kva ein orkar og klarer. Om ein har behov for det, ta det litt meir med ro. Og så er det å få i seg nok væske. Det finst også symptomlindrande medisinar, som til dømes febernedsetjande. Ved bekymring for eigen eller barns helse, bør ein kontakte lege.