nyhende

– Den dag i dag hugsar eg alle namna på elevane mine frå Vikebygd-tida, det var kjekke elevar, eg er god ven med alle! fortel Lars Eikehaugen. Foto: Kari Nilsdatter Haukås
– Den dag i dag hugsar eg alle namna på elevane mine frå Vikebygd-tida, det var kjekke elevar, eg er god ven med alle! fortel Lars Eikehaugen.

Henta fram gamle minner og elevar

Frisk og rørig, og ikkje minst oppegåande i sitt 92. år. Slik framstod Lars Eikehaugen då Vestavind besøkte han ein marsdag i 2019. Rett nok måtte me banka ekstra hardt på ytterdøra hans sidan høyrsla hans var redusert, noko som er meir vanleg enn uvanleg i så høg alder.

Publisert Sist oppdatert

Dette ein ny versjon av Våre liv-saka som sto på trykk i 2019. Det er lagt til ein video der du kan høyra Eikehaugen namngje elevar etter husken.

I nær 30 år var Lars Eikehaugen skulesjef i Sveio. Før det var han lærar på austsida av Ålfjorden. Framleis kjapp i tankegangen trong han ikkje tenkepause då me spurde om han kunne namngi elevane sine frå den tida han var lærar i Auste Vikebygd. Ivrig henta Lars fram bygdeboka «Heimar og folk i Vikebygd», bladde til han fann det han leita etter, viste fram klassebildet og smilte lurt:

– Den dag i dag hugsar eg alle namna på elevane mine frå Vikebygd-tida, det var kjekke elevar, eg er god ven med alle!

I dette videoklippet frå 2019 kan du høyra no avdøydde Lars Eikehaugen (då 91), namngi alle elevane sine ut frå eit klassebilde publisert i bygdeboka «Heimar og folk i Vikebygd». Eikehaugen var lærar på Øvrebø skule i perioden 1954-1964, seinare skulesjef i Sveio i nær 30 år. Video: Kari Nilsdatter Haukås

Barndomsminne

Lars Eikehaugen kom til verda 7. desember 1927, og vaks opp på ein liten gard på Innbjoa saman med to yngre søstrer, Paula og Sigrid. Foreldra var Erik Eikehaugen og Sally f. Svalland. Far var frå bygda, mor fødd og oppvaksen i Bergen, med røter frå Bjoa.

Sitt første minne bar Lars med seg heile livet:

– Eg var på dagen tre år då kyrkja i Austre Vikebygd brann ned. Det skjedde om natta, folk vakna av at klokkene stormringde. Kyrkja, som var blitt vigsla 11. juni 1928, stod i ljos loge. Mor og eg stod heime i glaset og såg flammane. Elden hadde teke til i sakristiet, og på eit par timar låg kyrkja i oske. Eit omnsrøyr var truleg årsak til brannen. Det hadde vore barnedåp om søndagen, og veret var kaldt, difor hadde dei fyrt ekstra godt i omnen, men gleda over den vakre kyrkja varte ikkje lenge.

Dette var den andre kyrkja på knappe to år, som brann i Austre Vikebygd. Ein vårdag i 1926 slo lynet ned i tårnet på kyrkja frå 1872, og det var uråd å få sløkt brannen. Den gongen blei noko av inventaret redda.

Polio

I oppveksten likte Lars godt å smia og snikra, det blei mange båtar etter kvart. Han var elles med på gardsarbeidet, var med og slo gras, sette poteter. Etter konfirmasjonen i 1944 var det ikkje snakk om å reisa ut og byrja på skule.

Det var krig i landet, og etter nokre framhaldskulekurs, fekk han jobb som dreng på Rennesøy. Planen var å vera der eitt år, men etter nokre månader fekk han polio og måtte bryta av. Heldigvis gjekk det av i likaste laget,.

På skuleveg i snøstorm

Då krigen var slutt byrja Lars på Rogaland landsgymnas på Bryne. Deretter fullførte han militærteneste, før han fekk post som «erstatningslærar» i Suldalseid og i Ulladalen, fjorten dagar på kvar plass, men fem timars gange imellom!

Det var ein episode som særleg gjorde inntrykk på Lars den tida han var i Suldal.

– Det var om hausten 1955. Eg skulle reisa frå Suldalseid til Ulladalen. Då tok eg båten til Sand, derifrå buss frå Sand opp til Nerheim i Suldal, der skulle eg gå over fjellet. Det eg ikkje var klar over var at då eg kom opp på fjellet hamna eg i ein snøstorm. Heldigvis klarte eg å koma meg inn i eit fehus medan det verste uvêret heldt på, men resten av vegen gjekk eg til fots med snø heilt opp til skrittet. Eg minnast eg blei så trøytt at eg måtte kvila for kvar femti meter. Men eg greidde å koma meg fram til Hjorteland der eg budde. Der visste ingen at eg kom så dei vart nokså overraska. Ryggsekken hadde eg lagt frå meg i ein sel på fjellet.

– Eg pleidde å bruka fem timar når det var tørt og fint, dette var frå Suldalseid heilt til Ulladalen. Den gongen brukte eg sju timar frå sjølve Suldal og over fjellet. Den turen gløymer eg aldri!

Skule og familieliv i Sveio

Etter Suldal bar det til lærarskulen på Nesna på Helgelandskysten i tre år, før lærarjobben på Øvrebø skule i Vikebygd. Til Sveio kom Lars Eikehaugen som skuleinspektør i 1964, ifølgje han sjølv var det ein variert og kjekk jobb. Viktigaste arbeidet var sekretær for skulestyret i tillegg til alt som hadde med skulane å gjera, og han disponerte skulebudsjettet. Litt undervisning blei det også.

–  Eg var vel den som kjente flest elevar i kommunen ei stund, fordi eg hadde nokre plikttimar for å undervisa og dei timane blei brukte som vikar.

På heimebane fann Lars lykka med Aalaug Utne som blei kona hans. Ho kom til Sveio som helsesøster i 1963, og hadde også Vikebygd som sitt distrikt. Paret fekk to born og busette seg i Førde. I januar 2014, etter at Aalaug var kome på sjukeheim flytta Lars til Sveio sentrum. Som pensjonist heldt han seg aktiv med blant anna treskjering.

Aalaug døydde i 2018. Lars gjekk bort sommaren 2023,  95 1/2 år gamal.

Is i bibelsoga

Lars Eikehaugen har mange kjekke minne frå skulestova, her er eit av det morosame slaget:

– Me hadde om «den rike mannen og Lasarus». Då var det ein elev som skulle fortelja leksa si, men han blei ståande attmed pulten og staura og visste ikkje kva han skulle sei. Difor ville eg hjelpa han litt og spurde: Kva trur du han ropa opp til Lasarus då han var der nede og hadde det varmt og godt?

Det blei stilt lenge, men til slutt kom det frå eleven: – Åh! Send ned ein is vel!

Powered by Labrador CMS