nyhende

Valkamp-nips frå USA, eller ein kopi frå ein butikk? I bakgrunnen ser ein Kvalvågneset nærmast.
Valkamp-nips frå USA, eller ein kopi frå ein butikk? I bakgrunnen ser ein Kvalvågneset nærmast.

Helsing frå Trump dukka opp i Indre Ålfjorden

Me innrømmer med ein gong at tittelen har eit snev av «fake news».

Publisert Sist oppdatert

«Make America Great Again» er eit slagord i amerikansk politikk, som fleire presidentar har nytta seg av på eitt aller anna vis opp gjennom åra. I 2016 var det Donald J. Trump som køyrde på med det for å vinna veljarar, både ved å kvitra og spreia om seg med diverse gadgets.

USA si framtid står på spel, seier både den eine og den andre om kvarandre sine parti. I dag, 3. november er dagen amerikanarane går til valurnene, og verda vil etter kvart få vita om det er Joe eller Donald som skal styra på der borte dei neste fire åra, frå det ovale heimekontor.

Me i Vestavind merkar at lesarane våre er relativt avslappa til både vippestatar og førstedamer, og har derfor ikkje brukt så mange ressursar på å dekka valkampen, men her kjem eit lite innslag likevel. Den falmande capsen blei trass alt funne stranda og eigarlaus ved ein av fjordane våre.

Hovudplagget er tilsynelatande lik valkamp-capsane som blei mykje brukt i USA for fire år sidan, raude med kvite bokstavar skrive med Caps Lock på, som seier «MAKE AMERICA GREAT AGAIN». Men, hald anden – den er ikkje er ekte. Google fortel at Wish og andre nipsforretningar har identiske versjonar i både raud og svart.

Kanskje var det ein krabbefiskar frå over there (andre sida altså) som glapp den, og enda ikkje har klart å samla seg heilt etter tapet. Om nokon kjenner på at dei ønskjer reunion med funnet, kan redaksjonen kontaktast. Me kjenner koordinatane.

Det kjem mykje rart rekande i fjorden.
Powered by Labrador CMS