nyhende

Camilla Selbak (t.v.) og Hildegunn Lindaas er einingsleiarar for høvesvis sjukeheimen og heimesjukepleien i Sveio. Dei er blant einingane som treng fleire søkjarar til ledige sommarjobbar.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Camilla Selbak (t.v.) og Hildegunn Lindaas er einingsleiarar for høvesvis sjukeheimen og heimesjukepleien i Sveio. Dei er blant einingane som treng fleire søkjarar til ledige sommarjobbar.

Helsetenesta i Sveio skrik etter sommarvikarar: — Kjempeutfordrande og dramatisk

Helsetenesta treng fleire hender, men dei unge treng ferie og pause.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio har berre ein tredel av den ordinære søkjarmassen søkt på sommarjobb i helsetenesta.

— Dette er dramatisk og ei kjempeutfordring for oss i år, seier kommunalsjefen for helse og omsorg, Ingunn Toft.

Ho forklarer at rekrutteringsproblemet er utbreidd i heile Helse Fonna-regionen, og ho ser ikkje bort ifrå at den same problematikken gjer seg gjeldande i resten av landet òg.

Vil ha ferie

Det er sjeldan at lista over sommarvikarar i helsetenesta er langt under halvfull. Toft har likevel ei sannsynleg forklaring på situasjonen:

— Pandemien har gjort at mange ikkje har reist på lenge, og at dei vil ha ferie og pause, seier ho.

Under pandemien vart i tillegg store delar av undervisninga for studentar komprimert og i nokre tilfelle avlyst. Dét kan òg ha påverka dei låge søkjartala.

Kommunal for helse og sosial i Sveio, Ingunn Toft.

— Det har gjort at mange studentar har fått tid til å jobba ved sida av studia. Dermed har dei sikra seg litt inntekter frå før av, seier Toft.

Ferie + jobb = sant

Ingunn Toft påpeikar det skal vera fullt mogleg med sommarjobb parallelt med mogleiken til å reisa på ferie.

— Det eine ekskluderer ikkje det andre. Det går fint an å ha ein liten sommarjobb, utan at ein må ofra ferien. Difor har kommunen no lagt til rette for at ein kan jobba i minst fire veker, slik at ein kan kombinera arbeid og ferie.

Ein kan søkja på stillingane via kommunen sine heimesider. Sveio omsorgssenter og heimetenesta er blant einingane som treng fleire hender.

Mogleg med tilrettelegging

Kommunen bruker NAV som rekrutteringspartnar. Difor får arbeidssøkjarane i NAV informasjon og tilbod om sommarjobb i helsetenesta.

Gro Styve i Nav Sveio.

— Me hjelper òg til med tilrettelegging dersom det skulle vera trong for det, seier NAV-rådgjevaren i Sveio, Gro Styve.

Ho understrekar at rekrutteringsproblema ikkje berre råkar helsesektoren, men òg andre delar av arbeidslivet.

Powered by Labrador CMS