nyhende

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at politikarar ikkje skal avgrense folks kvardag lenger. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at politikarar ikkje skal avgrense folks kvardag lenger.

Helseministeren ber folk ta kvardagen tilbake

Med svært få attverande koronatiltak ber Ingvild Kjerkol (Ap) folk om no å ta livet og kvardagen tilbake, sjølv om viruset truleg vil vere blant oss i lang tid.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: I helga oppheva regjeringa dei attverande koronatiltaka. Tal frå betalingstenesta Vipps og BankAxept viser at lettane var etterlengta for mange. Omsetninga i norske barar auka med 156 prosent frå den siste helga i januar og 26 prosent frå førre helg.

Helseministeren seier at tida no er over for å leggje avgrensingar på folks kvardag. Men det å ta kvardagen tilbake, vil nok krevje litt tilvenning, trur Kjerkol.

– Vi er nok mange som har vorte vane med å halde litt avstand og å ha avgrensa kontakt. To år med pandemi er frykteleg lenge, seier ho til NTB.

På spørsmål om ho trur det trengst stimuleringstiltak for å få tilbake normaliteten, svarer ho:

– Eg trur at folk vil finne ut av dette sjølv. Eg trur tida der politikarane skal inn i den private sfæren, er bak oss. Men det vil vere uvant for mange, og det vil komme gradvis.

– Ganske langt opp mot toppen no

Det vesle som står igjen av tiltak, er tilrådinga om å halde seg heime i fire dagar om ein får påvist korona, og at ein bør teste seg dersom ein har symptom. Sjølv om smitten stig, har ikkje samfunnet utan koronatiltak førebels ført til sprengd kapasitet på intensivavdelingane.

Så langt ser det ut til å gå bra. Talet på smitta og talet på innleggingar har auka, men det aukar ikkje med pasientar på intensivavdelingane og på respirator.

– Om vi har nådd smittetoppen eller ikkje, det må FHI gjere greie for. Men vi har komme ganske langt opp mot toppen no, trur vi, seier Kjerkol.

Sjølv om planen er å leve med smitten, planlegg òg Kjerkol og regjeringskollegaene hennar for dagar der det igjen kan bli aktuelt med nye tiltak mot koronavirus. Det kan bidra til eit tydelegare rammeverk og større føreseielegheit for dei som blir ramma av moglege smitteverntiltak.

Ikkje fritt for covid neste vinter

Men det må skje ei radikal forverring av situasjonen dersom det igjen skal vere aktuelt med endå ein runde med inngripande tiltak, forsikrar Kjerkol.

– Kva er det maksimale i det de ser for dykk i pakkane?

– Eg ser ikkje for meg noko meir inngripande enn det vi hadde frå 15. desember. Grunnen til at Solberg-regjeringa var endå meir inngripande 12. mars 2020, var fordi det var ei uvaksinert befolkning og vi visste veldig lite om viruset. Det er ein heilt annan situasjon no. Men ting kan skje uventa. Det kan òg komme eit nytt virus, heilt plutseleg, som det førre, seier Kjerkol.

Ho er spent på korleis hausten blir. Neste vinter er det venta at det vil bli større innslag av andre luftvegsinfeksjonar, og det kan òg bli nye virusmutasjonar. Dersom det blir ein ny koronamutasjon, håpar Kjerkol det blir ein ny omikronvariant som gir mindre sjukdom, sjølv om han kanskje er endå meir smittsam.

– Det er òg noko epidemiologane har sagt – at det er måten virus ofte muterer på – at det brenn ut. Men at vi skal vere fri covid-19 til neste vinter, det trur eg ikkje. Spørsmålet er kor dominerande smitten blir.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS