nyhende
Helseminister på valkampbesøk
Ingrid Kjerkol (Ap) besøkte omsorgssenteret på torsdag. Der fekk ho læra om kva grep Sveio har teke for å halda på tilsette og sikra eldreomsorgen. – Me får fleire oppgåver, men ikkje fleire hender til å løysa dei, sa statsråden.
Utanfor omsorgssenteret stod ein gjeng og venta i skuggen. Solsteiken hadde kome overraskande, og den venta LO-bussen var litt forsinka.
Heldigvis fann dei fram, og valkampbussen til LO og Ap klarte å ta seg opp Løkjavegen.
– Hei og velkommen, sa ordførar Linn Therese Erve før ho fekk ein klem av helseminister Ingrid Kjerkol (Ap).
– Kan ikkje klaga
Blant gruppa som tok i mot statsråden var fleire einingsleiarar på sjukeheimen, sjukepleiar Beth Helen Lie Hansen og leiar av helsestasjon for seniorar Solveig Gravelsæter.
Ei omvising enda opp i kantina kor mange bebuarar var samla for eit måltid.
– Korleis smakar det? Spurde Kjerkol.
– Me kan ikkje klaga, svara ein bebuar.
Dei kom seg ikkje lengre inn i kantina enn nokre få steg, og etter eit minutt gjekk dei vidare. Ute venta nemleg kaffi, bollar og samtale kring eldreomsorg.
Sveio si førebelse løysing
Kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, sette ord på Sveio kommune sine utfordringar.
– Rekruttering er krevjande om dagen. Me får dagleg beskjed frå byrå som seier dei har lokalt tilsette sjukepleiarar me kan leiga. Men sjølv får me ingen søkarar på utlysingane våre, sa ho.
Toft forklara korleis dei har så langt unngått å måtte ty til dyre bemanningsbyrå.
– Me kartla ufrivillig deltid og gjekk i dialog med dei tilsette. Då enda me på 21 søkarar på interne stillingar, kor 17 av dei fekk ønska stillingsprosent, sa ho.
– Bitter å betala dobbelt
Sjukepleiaren til stades rundt bordet, Beth Helen, bekrefta kva Toft sa.
– Me vert høyrd av jobben, sa Lie Hansen
Kommunalsjefen oppmoda helseministeren om regulering i bemanningsbransjen. Kvalifiserte sjukepleiarar vert snappa opp av byrå, som leiger dei tilbake til desperate kommunar til mykje høgare pris.
– Det er bittert å betala dobbelt for eit årsverk. Det er ingen fordelar og berre ulemper, sa Kjerkol.
Vil stramma inn
Statsråden sa dei jobba med innstramming, og at det samstundes var viktig å finna ut kvifor så mange sjukepleiarar ynskja eit vikarbyrå som arbeidsgjevar.
Toft peika på mellom anna fleksibilitet og høgare løn. På spørsmål om kva helseministeren tenkte om det, svara ho at løn er noko arbeidstakar og og arbeidsgjevar har ansvar for å kome fram til.
– Som helseminister er dette med timeløn og tariffløn ikkje noko eg legg meg borti. Det er noko ein forhandlar om, svara Kjerkol.
Framsnakka eigen eldreomsorg
Sveibuane fekk framsnakka eigen eldreomsorg på to andre vis også, helsestasjon for seniorar og programmet Menn i Helse. Einingsleiar Camilla Selbak fortalte at dei har tilsett ein frå programmet i 100 prosent stilling, og at ein annan skal avlegga fagprøve snart.
– Og så har me ein ny rekrutt no, sa ho.
Temaet var passande, for av totalt 13 personar rundt bordet var berre to av dei menn, og ingen av dei knytta til helsesektoren.
Tilbakemeldingane frå både bebuarar og dei nye mennene i helse har vore gode.
– Dei trivst dei som jobbar her, sa Erve.
– Og det er nok kjekt for bebuarar å også kunne treffa mannfolk, sa Kjerkol.
Fekk råd frå sjukepleiar
Solveig Gravelsæter greidde ut erfaringa med helsestasjon for seniorar og korleis det hjelpte eldre å halda seg friske og heimebuande lengre.
Mot slutten fekk sjukepleiar Lie Hansen gjeve ei tilbakemelding til helseministeren.
– Me er kanskje for få hender, og det hadde vore fint med fleire folk, sa ho.
– Ja, me er nesten ein million seniorar av ei befolkning på 5,5 millionar. Me får fleire oppgåver å løysa men ikkje fleire hender til å løysa dei, svara Kjerkol.
I løpet av klokketimen i Sveio la ikkje helseministeren skjul på at eldreomsorg i framtida truleg berre vert vanskelegare.
– Me kan ikkje ha lik vekst blant tilsette i helsesektor som antal pleietrengande. Men me tenkjer teknologi, heimebuande og fleksible tilbod strekk langt. Eg synest at Sveio har gode planar, sa ho.