nyhende

Torun Valen Frøkedal og Kari Våg Lie i Einstadbøvoll helselag.
Torun Valen Frøkedal og Kari Våg Lie i Einstadbøvoll helselag.

Helselaget med nytt tilbod til demensramma

Einstadbøvoll helselag startar opp med demenskafé på Ørevik grendahus. Førebels som eit prøveprosjekt.

Publisert Sist oppdatert

Ein demenskafé er ein møteplass for personar som er berørt av demens, anten for den som sjølv har ein demenssjukdom, eller nokon du er glad i er ramma. På denne staden kan du treffa folk i same situasjon.

Spesielt bra for heimebuande

– Me er glade for å invitera personar med demens og deira pårørande. Tilbodet er for alle, men me meiner det vil vera spesielt bra for heimebuande, seier opplysningsleiar Torun Valen Frøkedal  i Einstadbøvoll helselag.

På programmet står enkel servering, åresal, litt underhalding og allsong. Valen Frøkedal fortel vidare at dei tek sikte på eit treff i månaden, med oppstart tysdag 14. september. Etter fire treff vil helselaget ta ei evaluering på korleis tilbodet har blitt motteke.

Demenskaféen blir drifta av frivillige frå helselaget, saman med aktivitetsvenner, og i samarbeid med aktivitetskoordinator frå pleie og omsorg i Sveio kommune, Åshild Danielsen.

Det er ved hjelp av midlar frå TV-aksjonen i 2020, at Einstadbøvoll helselag startar opp med demenskafé.

Årets aksjon blir digital

Ifølgje Einstadbøvoll helselag blir også årets aksjon digital. Dato for årets demensaksjon er sett til 20.-26. september.

Powered by Labrador CMS