NPK-NTB: To vikarbyrå blir mellombels suspenderte av Helse Vest som følgje av kontraktsbrot. Dei skal ikkje ha utbetalt tilstrekkeleg overtidstillegg til sjukepleiarar.
– Det er eit klart kontraktsbrot og er òg eit brot på arbeidsmiljølova, særleg likebehandlingsprinsippet. Leverandørane er derfor mellombels suspenderte frå kontrakten, seier direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest, Hilde Brit Christiansen.
Funna er gjort hos to av seks vikarbyrå som har vorte kontrollerte gjennom revisjon. Under revisjonen er det teke stikkprøver hos leverandørane ved ulike tidspunkt i 2021. Funna er mellom anna at sjukepleiarvikarar ikkje har fått rett overtidsbetaling.
– Vi krev no at dei etterbetaler det vikarane har hatt krav på, og at dei betrar rutinane sine for å hindre liknande avtalebrot i framtida. Det er gitt ein månads frist for å rette opp, seier Christiansen.
Ho understrekar at det regionale helseføretaket, som også Helse Fonna er ein del av, set strenge krav til vikarbyråa dei nyttar seg av.
– Under pandemiperioden har vikarbyråa bidrege med viktig fagleg kapasitet for å bidra i krevjande periodar. Det er derfor viktig at vi gjennomfører profesjonelle innkjøp av vikartenester. Sjølv om det er avdekt alvorlege kontraktsbrot no, er det store fleirtalet av leverandørane kompetente og seriøse aktørar, som tilbyr medarbeidarane sine gode og ryddige vilkår, seier ho.