nyhende
Helse Fonna varslar ei rekkje sparetiltak
Økonomi vart det store temaet på dagens styremøte i Helse Fonna. Årets budsjettavvik ligg an til å bli over 150 millionar kroner. No blir det set i verk ei rekkje sparetiltak.
– Ja, det er alvorleg, og vi tek situasjonen på alvor, forklarte administrerande direktør Olav Klausen då styret var samla for første gong etter ferien.
Økonomi var tema også før ferien, og det vart sett i verk ulike tiltak for å få ned kostnaden, og for å auka inntektene. Dette har ikkje gjeve dei resultata som ein håpa på, og no blir det sett i verk endå fleire tiltak.
– Den økonomiske situasjonen i Helse Fonna er alvorleg. Pandemien har kosta oss mykje. Og slik er det i store delar av helse-Noreg i dag. No må vi fokusere på det kvar og ein av oss kan gjere noko med. Vi må ha brei dialog og involvering av alle medarbeidarar og saman gjere naudsynte tiltak framover, seier Klausen i ei melding frå Helse Fonna.
Rekneskapsresultat syner per august 2022 eit negativt avvik i høve til budsjett på om lag 25 millionar kroner. Akkumulert i 2022 er det eit avvik på 153 millionar kroner i høve til budsjett.
Pandemien er hovudårsaka
Det er i hovudsak verknader frå pandemien som har gitt eit sterkt svekka resultat så langt i 2022.
Kostnadane er knytt til mellom anna auka bruk av månadsverk for å etablere ekstraordinære vaktordningar, til dømes i akuttmottaka og på spesialavdelingar, smitteverntiltak og auka kostnadar til medikament og varer. Pandemien har også bidrege til eit høgt sjukefråvær i heile 2022. Auken i månadsverk handlar om auke i faste stillingar og auka bruk av overtid og innleige.
Aktiviteten har vore lågare enn budsjettert, spesielt for planlagd behandling, som til dømes operasjonar. Det har gitt lenger ventetid, fleire fristbrot og lågare inntekt.
– Vi treng difor å løfte aktiviteten, poengterer Klausen.
Også inneliggjande, utskrivingsklare pasientar har ført til store kostnader i form av ekstra bemanning, samt bruk av overtid og innleige i sommar.
Nye tiltak
Nophar administrasjonen sett som mål å redusere styringsfarten slik at månadsresultata utover hausten blir i tråd med budsjett. Helseføretaket har samstundes tilstrekkeleg likviditet til å oppretthalde planlagde investeringar, heiter det i meldinga.
Blant sparetiltaka er:
•Å redusere kurs, reiser- og transportkostnader
• Avvikle alle avtalar som fører til ekstrautgifter.
• Minimal bruk av innleige.
• Halde ledige stillingar vakante
• Setje i verk tiltak for å redusere sjukefråværet
• Strengare reglar for innkjøp
• Vurdere vaktordningar
• Auke bruk av poliklinikk i staden for innlegging
• Betre utnytting av operasjonskapasitet mellom sjukehusa
• Vurdere bruk av gjestepasient og fritt behandlingsval i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
Klausen understrekar at sjølv om tiltaka kan verke omfattande, er viktig å at arbeidsmiljø, kvalitet og pasienttryggleik ikkje skal bli råka på ein uforsvarleg måte.