nyhende
Helse Fonna opnar opp for besøkande på Stord sjukehus
Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok måndag morgon å oppheve besøksforbodet på Stord sjukehus. Sjølv om det framleis er mykje smitte i Stord kommune, er vurderinga at det ikkje lenger er like stor risiko for å få smitte inn på sjukehuset.
Det er måndag føremiddag to pasientar med påvist covid-19-smitte i Helse Fonna, éin på Stord sjukehus og éin på Haugesund sjukehus. Begge er i aldersgruppa 18-64 år, og ingen av dei får intensiv behandling.
Stengde grunna uoversiktleg situasjon
Grunnen til at Stord sjukehus vart stengt for besøk sist helg var situasjonen lokalt i kommunen der sjukehuset er, med stor auke i talet på smitta. Derfor ville ein vera føre var, og ikkje sleppa inn meir folk enn nødvendig, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
– Når situasjonen var så uoversiktleg, og det var såpass mange som hadde vore i kontakt med moglege smitteområde, valde me å stengja sjukehuset for besøk som eit mellombels tiltak, forklarar klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne-Beth Njærheim.
Fatta rask avgjerd
Adm. dir. Olav Klausen fortel at ein følgjer situasjonen på Stord og andre lokasjonar i føretaket tett, og at det var naturleg med ei rask avgjerd sist søndag.
– Det var mange pasientar inne, og det er lågare bemanning i helgane. I tillegg er søndag den dagen med flest besøk. Når då smittetrykket lokalt var så høgt, og situasjonen var uavklart, måtte me ta ekstra forholdsreglar. Trass i at det framleis er mykje smitte lokalt, meiner me å god kontroll på situasjonen. Det å stengja dørane for besøk er eit drastisk tiltak, som me helst vil unngå, fordi det rammar pasientar og pårørande hardt. Difor vel vi å opne opp att for besøk, seier Klausen, som rosar måten dei tilsette på Stord sjukehus har takla situasjonen.
Tenk dykk om
Men sjølv om forbodet no er oppheva, ber Helse Fonna-leiinga folk om å tenkja seg om ein ekstra gong før dei besøkjer eitt av føretaket sine sjukehus eller DPS, slik at ikkje pågangen blir så stor. I tillegg minner ein om at folk må respektera besøksreglane, slik at ein kan halde sjukehusa opne lengst mogeleg for pårørande.
Dei viktigaste reglane:
- Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte, og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.
- Besøkande skal vera symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller har vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komma på besøk.
- Pasientar med uavklart covid-19 skal ikkje ha besøk.
- Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.
- Besøkande må utføra god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Hugs å halde éin meter avstand.
- Éin besøkande per pasient, kan ikkje delast på fleire besøkande grunna smitteomsyn.
- Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom.
- Besøk inntil éin time på enkeltrom.