nyhende

Så langt i år har Helse Fonna gått 135 millionar i underskot.
Så langt i år har Helse Fonna gått 135 millionar i underskot.

Helse Fonna hevar beredskapen: — Vanskeleg å finne plass til alle.

Pågangen av pasientar er no så stor at det er vanskeleg å finne plass til alle. Beredskapen blir heva frå grøn til gul

Publisert Sist oppdatert

Beredskapsnivå i Helse Fonna

Grøn beredskap

Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.

Kjelde: helse-fonna.no

Helse Fonna iverkset fleire tiltak for å få plass til alle pasientane som no strøymer til sjukehusa.

Blant anna blir planlagt aktivitet kutta på Stord sjukehus for å ta imot utskrivingsklare pasientar frå Haugesund sjukehus.

— Driftssituasjonen har denne veka blitt meir utfordrande. Kapasiteten er sprengt. Det er stort overbelegg og svært mange korridorpasientar. Vi har rett og slett plassmangel, opplyser fungerande administrerande direktør i Helse Fonna, Kenneth Eikeset til helseføretaket si nettside.

Planlagt aktivitet blir stansa

At sjukefråværet framleis er høgt gjer ikkje akkurat situasjonen betre.

— Det aller meste av planlagt aktivitet er no stansa, og vi har flytta på medarbeidarar. Men no må vi gjere endå meir. Alt av pleiepersonell, som jobbar i andre avdelingar, blir no sett inn i døgnpleie. I tillegg er det kalla inn til ekstramøte med kommunar som har utskrivingsklare pasientar, fortel Eikeset.

Unnataket er øyeblikkeleg hjelp og kreftkirurgi, som blir skjerma.

Ekstraordinær situasjon

— Situasjonen er ekstraordinær, og det er mykje meir utfordrande enn på det verste i pandemien, konstaterer Eikeset.

— Situasjonen er ekstraordinær, seier fungerande administrerande direktør Kenneth Eikeset i Helse Fonna.

Helse Fonna har ved fleire høve oppmoda pårørande om å avgrense besøk. Det har hatt liten effekt.

— Vi kan ikkje anna enn å oppmode om å ikkje komme på besøk slik situasjonen er no. Og skal ein komme på besøk, kom i visittida, oppmodar Eikeset.

Powered by Labrador CMS