nyhende
Helse Fonna går ut av beredskap for første gong i pandemien
– No er smittesituasjonen og vaksinasjonsstatusen slik at mange helseføretak i landet går ut av ein historisk lang beredskap. Også me i Helse Fonna, seier administrerande direktør Olav Klausen.
– Smittetrykket i opptaksområdet er lågt, takka stor innsats i kommunane og befolkninga. Eit stort fleirtal av våre medarbeidarar er vaksinerte. Det betyr at me ikkje har den overhengande faren at smitte blant tilsette skal bli kritisk for dei viktige helsetenestene me gir, seier Klausen i ei pressemelding.
Vaksinering i kommunane gjer at eldre og personar i risikogruppene i stor grad også er vaksinerte no.
Ikkje over enno
– Pandemien er ikkje over, og me vil følgja situasjonen nøye. Me er klare til å heve beredskapen om det blir nødvendig, seier Klausen.
Han minner om at me berre skal tilbake til mars i år for å finne rekordinnlegging av covid-pasientar i Helse Fonna. Då var det tolv innlagte samtidig.
– Smittervernråda frå helsestyresmaktene gjeld framleis og eg vil oppmoda alle om å følgja dei, seier Klausen.
– Det er framleis mange i befolkinga som ikkje er vaksinerte, og det er ingen av oss som ønsker nye utbrot lokalt no.
Lettar på restriksjonar
Men korleis vil medarbeidarar, pasientar og pårørande merke at Helse Fonna ikkje lenger er i beredskap?
– I praksis betyr det at me i denne veka vil letta på restriksjonar for både medarbeidarar, pasientar og besøkande. Dette kan me ikkje gjera umiddelbart, for me har gjennom pandemien innført omfattande smittevernrutiner som først må omarbeidast, seier Klausen.
Det vil koma informasjon om dette til media og på internettsidene tidleg denne veka. Enn så lenge gjeld reglane som ligg på Helse Fonna sine nettsider.
Takkar for forståinga
Klausen takkar alle medarbeidarar for ein formidabel innsats og pasientar og pårørande for forståing for at tilbodet ikkje har vore heilt som normalt det siste året.
– Me har bygd om lokalar, oppretta midlertidige smittemottak og covid-kohortar og me har hatt inngangskontroll ved sjukehusa våre. Mange fekk arbeidskvardagen snudd på hovudet, og det samtidig med at privatlivet også blei det. Det er for tidleg å sjå tilbake enno, men det gler meg at me kan ta dette viktige skrittet vidare.
– Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at me gler oss veldig til å ønska velkommen tilbake til eit meir normalt sjukehus.