nyhende

Daryna Voitsekhivska er i praksis i Vestavind den neste månaden, og håpar å få verdifull erfaring på vegen mot journalistdraumen.

Hels på det nye tilskotet til Vestavind

Daryna Voitsekhivska (21) frå Vasylkiv utanfor Kyiv skal den neste månaden vere i praksisutplassering i Vestavind. Ho har journalistutdanning frå Ukraina – og har eit tydeleg mål i sikte.

Publisert Sist oppdatert

Voitsekhivska kom til Noreg i september 2024 saman med kjærasten Mykhailo Yevtushenko. Først gjekk turen til Kristiansand, der dei vart buande i to månader før reisa gjekk vidare til Sveio.

Her starta ho i eit skuleløp for å bli kjend med det norske samfunnet og læra språket. Etter kvart kom ho også ut i jobb: først som assistent ved Førde skule, og no som reinhaldar ved FUS Gjermundshaugen barnehage på kveldstid.

Det var då Nav tok kontakt med kjærasten hennar og anbefalte han å melda seg inn i Tirna, at Voitsekhivska sjølv greip moglegheita.

– Dei forklarte at sidan eg allereie hadde jobb, trong eg eigentleg ikkje å vera med i programmet. Men eg hadde så lyst, og heldigvis fekk eg vere med, seier ho.

Det er nettopp gjennom Tirna ho no har fått moglegheit til praksisutplassering i Vestavind.

Erfaring og utdanning frå heimlandet

I Ukraina tok Voitsekhivska ein bachelorgrad i journalistikk, men arbeidserfaringa ho tek med seg handlar ikkje om tradisjonelle nyheitsmedium slik me er vande med her heime.

– Eg jobba tett med ordføraren i heimbyen min, Nataliia Balasynovych. Eg følgde mykje av det ho var med på, som aktivitetar og møte, og laga innlegg og reportasjar som me publiserte i sosiale medium, fortel ho.

Det arbeidet held ho framleis på med, sjølv om ho no har adresse i Sveio.

Frå by til bygd

Overgangen frå bylivet i Ukraina og Kristiansand står i sterk kontrast til kvardagen ho no har i Sveio, og ho fortel at starten var tøff.

– I heimbyen min bur det rundt 40.000 menneske, og han ligg ganske nær Kiev. Det er ganske store skilnader frå Sveio, seier ho.

Samtidig opplever ho at det mindre miljøet har gjort enkelte ting enklare.

– I Kristiansand var me veldig mange på språkkurs, og eg syntest det var vanskeleg å få språket til å festa seg. I Sveio var me berre tre-fire i gruppa, og då lærte eg norsk mykje fortare, fortel ho.

På fritida syng ho i eit kor i Haugesund, der det blir sunge på norsk, engelsk og ukrainsk. I tillegg har ho fått sansen for golf, og kvar onsdag dreg ho til Sveio Golfpark.

– Utan at eg har vorte nokon ekspert enno, innrømmer ho.

Drøymer om å jobbe som journalist

Når ho no skal tilbringa den neste månaden hos oss i Vestavind, får ho eit innblikk i korleis ei lokalavis jobbar i praksis, samstundes som ho også skal bidra med innhald til avisa.

Voitsekhivska brukte ikkje mange timar før ho alt var ute på sitt første oppdrag tysdag denne veka.

– Eg håper at eg etter kvart kan bygga vidare på utdanninga mi, ta ein mastergrad og få jobb som journalist i Noreg – gjerne i Kristiansand, seier ho, og innrømmer at paret trivdest veldig godt i sørlandsbyen.

Me i Vestavind er glade for å ha den unge kvinna på plass, og trur ho kan bidra med kompetanse og perspektiv som kan gi oss nye typar saker, og kanskje også nye måtar å presentera dei på.

Me håper bsveibuen tek henne godt imot, og gler oss til fortsettinga.

Powered by Labrador CMS