nyhende

«Helgekrigaren» frå Oklahoma som tok Noreg med storm

Det var tilfeldig at artisten og låtskrivaren Adam Douglas hamna i Noreg, men då han først kom hit var det noko som fall skikkeleg på plass. Trass i at han no er busett på Austlandet, er han sterkt knytt til både menneska og naturen på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Vi møter den folkekjære artisten på ein travel kafe i hovudstaden ein småkald junidag. Sola kikar no og då fram frå skyene, men det er jamt over temmeleg grått.

Adam Douglas kjem til intervjuet gåande i friskt tempo med markante briller og sommarleg stråhatt på toppen, og den slanke og høgreiste mannen helsar blidt på både journalisten og dei bak disken på kafeen.

– Eg har gløymt å ete noko i dag, så det skal bli godt med ein liten lunsj, seier han på den heilt spesielle dialekten sin. Det er ei blanding av sunnmørsk, bremangersk og hadelending med eit lite strøk av amerikansk aksent.

La oss først oppklare ordet helgekrigar, som er brukt i tittelen. Han kallar seg sjølv ein «Weekend Warrior», på norsk helgekrigar, som spelar på at han er ute på jobb dei fleste helgene i året. Opphavleg vart uttrykket brukt om personar som avtente verneplikta si med helgeteneste.

Travel sommar

Med ein XL-kanelbolle på tallerkenen og eit glas jus er Adam Douglas klar for ein prat. Han har ein aktiv sommar framfor seg med speling land og strand rundt, pluss at ei heilt ny langspelplate er klar for miksing. Og annankvar månad slepper han ein ny song frå albumet, som skal ut i mars 2025.

Han ber det fulle namnet Adam Douglas Enevoldsen, fødd i Virginia i 1981 og oppvaksen i Oklahoma City. Enevoldsen-namnet kjem frå Thisted i Danmark, fortrur han oss. Så han er eigentleg dansk-amerikanar, men no er det Noreg som er heimlandet. Heime på Hadeland har han kone og ein son på 9 år.

Dei valde Hadeland fordi dei har betre plass der enn i Oslo, slik at Adam har god plass til heimestudioet. I tillegg er det kort veg både til Oslo og til Gardermoen.

– Eg elskar å stå på ei scene og spele og synge. Kontakten med publikum er veldig viktig for meg. Det gir meg energi. Samstundes blir eg meir og meir glad i å sove i mi eiga seng, smiler han

– Så er det to timar køyring eller mindre så reiser vi alltid heim etter konsertane, legg han til.

Adam Douglas reiser land og strand rundt og spelar denne sommaren.

Tilbod frå Sunnmøre

Det var tilfeldig at Adam Douglas gjorde nordmann av seg, og han er evig takknemleg for at musikarane i det sunnmørske bluesbandet Woodleg Odd, Frank Willy Utgård, Arne Moe og Odd Ludvik Lie, tilbaud han å vere med på ein turne med dei i Noreg. Bandet hadde gjort suksess i USA med den gitarbaserte bluesen sin.

– Dei berga på mange måtar det musikalske livet mitt. Eg var i ferd med å gi opp som musikar i USA. Eg dreiv ein sykkelbutikk i Minneapolis i Minnesota på den tida, då det dukka opp ein e-post frå ein tidlegare manager. Det viste seg at ho representerte Woodleg Odd i USA, og ho tipsa dei om meg då dei fortalde at dei var på jakt etter ein ny vokalist. Det er eg veldig glad for i dag, seier han.

Dette var i 2007. I første omgang skulle han vere med på ein sommarturne. Han treivst godt i bandet, og alt på første spelejobben, i Bremanger i Nordfjord, møtte han Kristin Solberg, som seinare skulle bli kona hans. Det første opphaldet varte berre nokre veker, men så kom han tilbake året etter. Og då vart han verande. Først i Ørsta, deretter i Ålesund, før han vart sambuar med Kristin i Oslo.

Eventyrlege Vestlandet

– Det var eit eventyr å kome til Vestlandet. Oklahoma er flatt, veldig flatt. Det å kome hit til kombinasjonen av fjord og fjell, var noko heilt nytt. Eg gløymer aldri den første kvelden heime hos Frank Willy Utgård i Hundeidvik. Det var seint på kvelden, det må ha vore nærmare klokka to på natta, og vi kunne sjå sola ute i horisonten. Eg hadde aldri opplevd noko slikt tidlegare, og eg kjem aldri til å gløyme det, seier han.

Men i 2011 vart Woodleg Odd oppløyst, og han starta på det som skulle bli ein eineståande solokarriere. Han var frilansmusikar, men underviste også på ulike musikkskular og vidaregåande skular. Det var då han fann ut at han måtte lære seg å snakke skikkeleg norsk.

– Eg hadde ein åtte år gammal gitarelev som gjerne ville lære seg å spele noko av Kiss. Han kunne ikkje engelsk og eg var elendig på norsk. Men vi prøvde begge to å lære av den andre, og det gjekk seg til. Og eg oppdaga fort, at når eg kunne gjer meg forstått på norsk, så var det mykje enklare å få spelejobbar, fortel han.

Douglas har aldri gått på norskkurs, alt er plukka opp ved å høyre på folk og prøving og feiling. Dei siste åra har også dialekten frå Hadeland blanda seg saman med det vestlandske og blitt ein del av talemålet hans.

Adam Douglas framfor Operaen i Bjørvika i Oslo. Den allsidige musikaren vil gjerne prøve ut fleire stilartar, men neppe opera.

Stjernekamp

Sigeren i Stjernekamp på NRK i 2017 gjorde han til superstjerne her i landet. Jobbane stod plutseleg i kø, og han har turnert over heile kongeriket. I dag er han ein etablert artist med fast band, samstundes som han leitar etter stadig nye måtar å bruke kreativiteten sin på.

Det får nordmenn oppleve til vinteren. Då skal hattemannen frå Oklahoma på turne saman med trommeslagaren Torjus Nevland. Det gler han seg til.

– Det blir noko heilt nytt, men eg kan love at vi klarer å lage mykje lyd. Begge skal synge, og eg skal bruke barytongitar. Det er ein mellomting mellom ein vanleg gitar og ein bassgitar. Vi skal spele ein del nytt materiale, men også dei gamle låtane mine. Kanskje med eit litt anna arrangement sidan vi er berre to, varslar han.

– Eg har aldri gjort noko så nedstrippa før, så eg trur publikum får sjå ei litt anna side av meg, legg artisten til.

Musikalsk smeltedigel

Adam Douglas er djupt rotfesta i amerikansk musikk. Han kallar det roots eller americana. Heimbyen Oklahoma City ligg på vidkjende Route 66 og er ein smeltedigel for all slags musikk. Det er kort veg til Chicago med sin jazz- og bluestradisjon. Det er heller ikkje langt til Memphis og Nashville der countrymusikken står sterkt. I Oklahoma er det mykje countrymusikk.

– Eg er glad i alle stilartane, og eg kunne godt tenkje meg å gjere ei rein countryplate, ei rein jazzplate og ei plate i tradisjonell croonerstil ala Frank Sinatra. Eg håper at eg får det til, seier han håpefullt.

Han er influert av mange artistar frå fleire stilretningar, men aller mest av Ray Charles (1930–2004), fortel han.

Den kreative norskamerikanaren har også lyst til å gi ut ei plate med norske låtar på engelsk for eit amerikansk publikum. Og etter å ha konsentrert seg om det norske publikummet i fleire år, er han slett ikkje framand for tanken om å gjere ein ny framstøyt mot Europa, kanskje spesielt Skandinavia, Storbritannia og Tyskland.

– Eg har framleis gode kontaktar i USA, så eg har veldig lyst å gjere eit forsøk der også. Eg var der i 2019, men så kom pandemien. Så det er nok på tide å prøve USA igjen, avsluttar Adam Douglas.

Powered by Labrador CMS