nyhende

– Me har tru på at me har funne rette typen kler som vil slå an, her er mykje fint i barnekler, lovar Åse Holgersen Katla t.h. og Helene Vikse.
– Me har tru på at me har funne rette typen kler som vil slå an, her er mykje fint i barnekler, lovar Åse Holgersen Katla t.h. og Helene Vikse.

Helene og Åse opnar snart ny klesbutikk

Åse Holgersen Katla og Helene Vikse gler seg til å opna Salamander Barn & Fritid i Sveio senter på lørdag.

Publisert Sist oppdatert

Butikken blir nå klargjort og varer pakka ut i det tidlegare lokalet til Fixia Jernvare Sveio som har stått tomt ei god stund.

Åse Holgersen Katla, dagleg leiar i Sveio Libris & Ringo, butikken som fører alt frå interiør, bøker, leiketøy og garn, har nå også kasta seg inn i klesbransjen. Salamander Barn & Fritid startar opp med det danske barneklesmerket Name it.

– Og dette er berre starten!

– Då sentereigarane ytra ønskje om å ta i bruk dei tomme lokala blei me spurt om me var interesserte. Og det var me sjølvsagt. Me har tenkt på barnekler ganske lenge, det er noko som folk har etterlyst, så det tok ikkje lange tida å bestemma seg. Og dette er berre starten på eventyret; i mars opnar me opp for større klesbutikk, og i same takt vil behovet for bemanning auka, fortel Katla entusiastisk.

Betre enn forventa

Saman med dei tilsette har ho jobba hardt for å få fart på eksisterande butikk, og har lukkast.

– Ei tid under pandemien gjekk det litt treigt, men omsetnaden totalt har vore betre enn forventa, opplyser Katla som no altså førebur snorklipp for enda eit «hjartebarn».

Salamander Barn & Fritid vil etter kvart få fasade/inngang vis-a-vis Extra, men i første omgang blir det gjennom Sveio Libris & Ringo.

Førebels er det berre to dokker på plass i den nye klesbutikken.
Powered by Labrador CMS