nyhende

Steinhaugmarka:

Heldt visning for dei som har kjøpt

Torsdag ettermiddag arrangerte Bjørn Storebø i Valvatne Bygg visning for dei som har kjøpt husvære på feltet Steinhaugmarka bak Kiwi-bygget i Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

– Alle møtte, og det var berre gode ord å høyra. Dette var også første gongen kjøparane fekk helsa på dei nye naboane sine. For nokre var det gjensyn med folk dei allereie kjende meir og mindre frå før, fortel Storebø dagen etter.

Elleve einingar selde

Elleve bueiningar er selde, og 22 personar møtte på visninga. I det fine haustveret blei eit stillas omgjort til bord for servering av kaffi og te ute, der vegane alt er asfalterte, lyktestolpane på plass og plenane grøne og frodige.

Inne står det enno att ein god del arbeid. Dei første vil få flytta inn rundt påsketider, og alle dei som har kjøpt skal vera inna i løpet av andre kvartal 2025, seier Storebø.

Visning for nye kjøparar

Om eit par veker, 7. oktober vil han vera klar for ei ny visning. Då er målet å visa området fram for dei som kan tenkja seg å kjøpa dei sju bueiningane som enno er ledige.

– Det vil seia, to av desse er reserverte, så reelt sett er det kanskje berre fem igjen, fortel husseljaren.

Til no er alle som har kjøpt, frå 65 år og oppover. Storebø meiner prosjektet passar godt inn i forhold til behovet for fleire seniorbustader i sentrum når talet på eldre etter prognosane vil stiga sterkt dei neste åra.

– Aktuelt også for unge

– Eg er likevel litt overraska over at ingen unge har interessert seg for tomannsbustadene. Kvar eining er der på 77 kvadratmeter. Steinhaugmarka er eit burettslag, og med eit innskot på 900.000 kroner og ei husleige på 13.000 i månaden bør dette vera overkommelege som førstegangsbustader for unge i etableringsfasen, mener Storebø.

Når Steinhaugmarka er ferdig utbygd har Valvatne enno fleire tomter igjen i Sveio sentrum. Ei av desse er ei tomt på fire mål der Storebø drøymer om å byggja eit tun, kanskje med eit fellesbygg i tillegg til fleire småhus. Han er litt spent på korleis interessa vil vera for eit slikt prosjekt.

Powered by Labrador CMS