nyhende

Elin Furubotn og Nils Økland lovar god stemning på Ryvarden i tysdag og onsdag.
Elin Furubotn og Nils Økland lovar god stemning på Ryvarden i tysdag og onsdag.

Held to konsertar i barndomens paradis

Tysdag 13. februar og onsdag 14. februar tar Elin Furubotn med seg rim og regler og Nils Økland på hardingfele til Ryvarden fyr. Grisane til Arne Valen er ikkje med, men det er dei på det siste albumet.

Publisert Sist oppdatert

– Sveio er mitt barndoms paradis, og eg har vore her mykje sidan eg var liten. Eg føler meg sterkt knytt til Sveio, og mor mi Else Furubotn bu i omsorgsbustad her, fortel Furubotn, som no bur i Oslo.

Hennar siste album, «Resirkulerte Rim og Regler», er rim og regler ho lærte av mormor si Elisabeth Tveit, som var frå Sveio. Det er mykje visdom i rim og regler, pakka inn med humor og klokskap.

Grisane til Arne Valen

– Eg tok fatt i desse rima og reglene og laga nye melodiar. Eg har brukt norske tradisjonsinstrument saman med instrument frå andre land og kulturar for å setta songane inn i ein meir verdensomspennande kontekst, seier Furubotn.

Ho har også henta lydar frå Sveio:

– Eg har brukt lydar frå garden der mormor var frå. Som ei låvedør som knirkar, skritt på kjerreveg og ljå som blir slipt. Og så har eg griselydar frå Arne Valen sine grisar som er brukt som trommeloops på albumet. Gøy!

Komponist og tekstforfattar

Furubotn er komponist og tekstforfattar, og er ein folkekjær radioartist. Mest kjent er ho kanskje for radiohiten «Så lett det kan ver» med Morten Abel og Stavanger Symfoniorkester. Ho har gitt ut heile ni album innan singer/songwriter-tradisjonen, og har gitt ut album både nasjonalt og internasjonalt.

Nils Økland er ein av våre mest verdsette og respekterte fiolin- og felespelarar. Han er internasjonalt kjent for sin nyskapande spelestil i skjeringspunktet mellom folkemusikk og improvisasjon. Han har gitt ut flere kritikerroste album med både Spellemannpris og Folkelarmpris under beltet.

Hardingfele og trøorgel

Duoen Elin Furubotn og Nils Økland spelte saman for første gong under Sildajazzen for nokre år siden, og seinare ved Elverum Festspillene og i Festiviteten.

Dei legger vekt på god kontakt med publikum der formidlinga av Furubotn sine tekstar står sentralt. Med gitar, hardingfele og eit berbart trøorgel, vil songane til Furubotn bli løfta til nye høgder, og duoen lovar god stemning på Ryvarden i morgon og onsdag.

Powered by Labrador CMS