nyhende
Held si siste gudsteneste i Sveio på søndag
Sokneprest Gisle Sørhus har si siste veke som prest i Sveio. Søndag held han avskjedsgudsteneste og sender både konfirmantar og seg sjølv vidare til nye liv.
– No går det mot slutten. Akkurat no har eg sete og jobba med avskjedsgudstenesta, seier sokneprest Gisle Sørhus.
– Å, ei avskjedsgudsteneste seier du, er det då noko spesielt i vente?
– Nei, humrar Sørhus og fortset
– Eg har ikkje halde ei før. Det vert nok ei vanleg gudsteneste, berre at prosten for Sunnhordland kjem, og så litt ekstra kyrkjekaffi, seier han.
Trist å forlata Sveio
Etter gudstenesta på søndag er det farvel til Sveio, kor han har jobba i elleve år.
– Eg kjenner at det er trist å forlata Sveio. Det er mykje folk ein har vorte kjend med, eit miljø ein har vorte glad i og ei rolle som ein trivst i. Det har vore veldig godt å vera i Sveio, og så kjenner eg samstundes at det vert spanandes å prøva noko nytt, seier Sørhus.
Etterpå skal han vidare i ny jobb som ungdomsprest i Norheim i Karmøy kommune.
– Det er vel ungdomsprest eg mest er utdanna til, seier Sørhus.
Travle år
I Sveio vart han både sokneprest og ungdomsprest. Det vart travelt, men han fekk heldigvis tid til ungdomane.
– Når er avskjedsgudstenesta?
– Den er på søndag, klokka 11.00, seier han.