nyhende
Held på besøksforbodet grunna uoversiktleg smittesituasjon
Helse Fonna har vedteke å halde på besøksforbodet ved Stord sjukehus inntil vidare. Årsaka er at smittetala i Stord kommune også denne veka er høge, og situasjonen er uoversiktleg. Stord kommune har varsla at dei kjem med lokale tilrådingar i løpet av onsdagen.
Måndag og tysdag vart det registrert 17 nye covid-19-smitta i Stord kommune. Fleire av desse har ukjend smitteveg.
– Me vurderer smittesituasjonen på Stord som uoversiktleg og har vidareført besøksforbodet i dag. Ny vurdering blir gjort torsdag morgon. Me vil gjerne presisere at pårørande til alvorleg sjuke kan ta kontakt med avdelinga og avtala besøk, og fedrar kan vera med på fødslar. Men det er viktig å understreka at besøksreglane må følgjast, og at ein må vere symptomfrie, understrekar klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne-Beth Njærheim, i ei pressemelding.